fredag 14. november 2008

Eg har vunne ein premie!

Det er jammen ikkje ofte eg har vinnarlukke! Eg kan ta hundre tombolalodd og vinne ein Fox i trøstepremie. Lodd på bok er ikkje særleg betre det heller. Eg tømer lommeboka, skriv namna på alle ungane og til slutt på meg og Terje. Einaste trøysta er at eg støttar ei god sak og at pengane mine kjem godt med.

Brått og uventa, og som lyn frå klar himmel, ser det ut til at vinnarlukka mi snur! På barnehagen si julemesse vann eg 6 flotte vinglas, men grommaste premien kom i posten i går.

For ei tid tilbake la eg att ein kommentar på denne kreative bloggen. Solveig feira innlegg nr. 200 og lova å trekke ut ein vinnar blant alle som la att kommentar. Eg har ikkje tal på kor mange kommentarar eg har lagt at i slike "premieinnlegg", men aldri om eg har vunne!

016

I går dumpa denne pakken ned i postkassa mi. Den var liten, mjuk og lett. Det var ikkje til å legge skjul på at eg øyna eit håp om at det var noko heimelaga - Solveig strikkar nemleg dei flottaste kreasjonar!

020

Det koslege kortet gjorde meg heilt sikker på at Solveig hadde laga noko til meg...

019 

Har du forresten tenkt over kor spennande det er å opne noko som er pakka inn i silkepapir??? Det glatte, fine papiret som knitrar så fint når du tek i det. Solveig bur i Kristiansand, men er opprinneleg frå same kommune som meg. For mange år sidan vanka vi litt i same miljø og har mange felles bekjente - difor er det ekstra kjekt å få pakke frå henne!

023 030

Solveig hadde hekla eit sjal til meg!!! Ikkje forstår eg korleis det går ann... Ida stilte villeg opp som modell og syntest det var deilig å ha det lune, gode skjerfet i halsen.

047

Solveig skreiv på kortet at ho håpte eg likte det og at fargen fall i smak! JA, SOLVEIG - skjerfet var alldeles nydeleg og fargane var akkurat så jordnære og lune som eg likar dei!

044

For ei som ikkje kan å hekle, så er dette reine kunstverket!

035 

Tusen takk, kjære Solveig! Skjerfet har ikkje vore i min heim i meir enn eit døgn, men er allereie godt brukt! I går hausta det beundring blant klubbdamene, og i dag heldt det meg god og varm på jobb.

Eg veit ikkje kor eg skal få takka deg nok for denne flotte gåva, eg set umåteleg stor pris på å ha vunne dette skjerfet! Solveig sin blogg er verkeleg verdt eit besøk, så får du sjå alt det andre denne dama lagar!

I morgon skal koret mitt vere med på å synge til to flotte, musikalske brødre som har vunne Kongens fortenestemedalje i gull - og skjerfet skal sjølvsagt vere med!

Tusen takk - igjen!

16 kommentarer:

  1. Åh, så heldig du var da..
    Synger du også? koselig....lykke til, og go helg

    SvarSlett
  2. Heldigris!;)Skjerfet var dødslekkert!;)

    God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Oi...dette var litt av en vakker gave. Nydelig skjerf!
    Klemmers.

    SvarSlett
  4. Så kjekt at du likte skjerfet :) Eg har hekla eit par til meg sjølv også - og har omtrent brukt dei kvar dag i haust... Du får synge fint til Knut og Nils i morgon, og helse frå meg.

    SvarSlett
  5. Så nydelig skjerf du har vunnet!!!Jeg har heller ingen vinnerlykke..men har hell i kjærlighet da ;) Jeg kan ikke hekle,men har veldig lyst å lære..det er så mye fint en kan lage.
    Gleder meg til å treffe deg neste lørdag :) Ha ei kjekke helg!!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  6. Gratulerer med nyvunne skjerf.. det var nyyydelig!!

    Ha ei fin helg!

    Monica S

    SvarSlett
  7. Å det var nydelig!!
    Så heldig du har vore:)
    Og nydelige bilder har du tatt. Håpa alle har begynt å bli frisk ei huset og at dokke får en koselig helg.
    I dag traff eg Line og barna hennes frå Kvardagsliv i Storemyra. Og det var så koselig!!
    Håpa me alle kan møtast saman en gang:)
    Klem

    SvarSlett
  8. Åh, du er jammen heldig! Eg hadde skikkeleg vinnarhell på basarane med mormor og morfar på Vidsyn når eg var lita, men vinnarhellet forsvant visst når eg byrja betale lodda sjølv! ;) Alltid kjekt å vinne!!!

    PS! Ligg ei utfordring til deg på bloggen min! Den er ikkje like fantastisk så din, men den er nå der!

    SvarSlett
  9. Hmmmm... kjenner jeg ho Solveig, tro?

    SvarSlett
  10. Ååå, så heldig du har vært!!! Solveig lager jo så mye fint!!! Takk for sist min venn!! jeg storkoste meg selvom det ikke ble så mye prat på tomannshånd!! Takk for deilig foccacia og flott gave!! deilig å være hjemme igjen!! Har laga to pikekysskaker i dag..til 2 selskap i helga!!! Gler meg!! klem i natta ;)

    SvarSlett
  11. Hei igjen, å takk for koselig kommentar og hilsen...Ørsta sier du..jeg hadde en brevveninne derfra for noen år siden...da æ va ung..haha....eller yngre.. Jeg synger i kor som heter Misvær sangerlag..(ett innmari trasi navn, men vi kan ikke skifte på det, da koret er det eldste eksisterende kor i salten) Vi hadde nettopp konserter, å det var såpass bra, at vi må gjennomføre den en gang til over nyttår.. 3 år siden, var vi i phraha på konkuransen der, å til høsten neste år, er det meininga at vi skal til italia....eller phraha...igjen...koselig å synge..

    SvarSlett
  12. Oj! Det var vakkert vakkert vakkert! Heldigris, men velfortjent synes jeg! har aldri hatt vinnerlykke jeg heller, men som du tenker jeg at man støtter barne og en god org da om ikke annet! Ønsker deg en strålende helg lille venn. klem

    SvarSlett
  13. Dette var eit kunstverk, verkeleg! Utruleg heldig var du, Tove, og eg er sikker på at songen for dei to kjekke brødrene blir ekstra flott med eit så staseleg skjerf :-)

    Ha ei nydeleg helg!

    SvarSlett
  14. WAW! Fy søren det var lekkert!
    Oy, lurar på korleis dette er laga?! No kan du sprade!;)
    Lukke til med kongen og brødrene!;)
    God helg!

    SvarSlett
  15. Alltid spennende å åpne uventa og flotte pakker som en får sånn helt uten videre da :-)

    Nydelig skjerf som vil holde deg eller lillejenta di varm i vinter.
    Det så jo SÅ mykt og godt ut å da vet du...

    Fin fin helg videre til deg, kos deg for snart er mandagen over oss igjen .-)

    SvarSlett
  16. Skal si du er heldig!
    Håper lykken står deg bi når jeg skal trekke en vinner den 27'ende også da!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!