fredag 14. november 2008

Vakker haust

Tidlegare denne veka var det så vårleg og vakkert ute at eg reint gløymde at vi skriv november. Ein skulle berre gått rundt og fotografert, men det har ikkje vorte prioritert. Ein av desse vakre kveldane klarte eg likevel å snike meg ut på altanen og fotografere. Eg er i eksperimenteringsmodus for tida, så det er ikkje alt som er like vellukka. Biletet under er teke når det er stupmørkt ute, og eg har brukt lang lukkartid.

015

Fjellet du ser er Lidaveten og dei oransje lysa heilt til venstre markerer området der du køyrer ned i Europas djupaste undervasstunnel. Eg meiner eg er særs priviligert som nyt denne utsikta dagleg!!!!

3 kommentarer:

  1. Nydeleg!!! Kanskje du bør starte fotostudio på låven? :)

    SvarSlett
  2. et nydelig bilde og ja visst er du priviligert som kan nyte dette hver dag:O)

    Ha en fin helg:O)

    SvarSlett
  3. Til Linda! Det er kjempekjekt at du er innom og legg att kommentar i kveld, MEN HAR DU TID TIL DET DÅ????? Til dei som ikkje er klar over det; systra mi (Linda) og bror min m/familier reiser nemleg på ferie/pappapermisjon til Thailand i morgon og kjem ikkje heim før rett inn i jula....

    NO MÅ DU GÅ OG PAKKE, LINDA!!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!