lørdag 11. oktober 2008

...kanskje eg skulle hatt litt trøyst...

Neida, det er ikkje noko trist som har skjedd. Eller kanskje litt. Men det er i så tilfelle min eigen feil, sidan eg har slurva med tran siste tida (kremt... siste halvåret...). Eg var ganske kjepphøg i går kveld, då min kjære husbond sov seg gjennom heile gullrekkja på TV, feberheit og snorkande. Eg humra for meg sjølv og tenkte at slik kan det gå når han traskar rundt våt på beina heile dagen (stakkaren jobbar i ei elv for tida, så det er kanskje ikkje så rart...). 

Til mi store fortviling vakna eg i dag med svimmelheit, sår hals, kroppsverk og hoste. Fy søren så kjedeleg!!!!  Heldigvis har min kjære kvikna til att ein smule, så ungane har fått både mat og bleieskift. Eg har gått rundt mest som i ein døs. I tillegg fekk minstesnuppa høg feber i ettermiddag. Det har med andre ord vore ein hard dag. I tillegg har vi vore i familieselskap og feira svigerfar min. Det seier seg sjølv at eg er tappa for krefter og ikkje har anna val enn å sitte med beina høgt i heile kveld.

   012 023

Medan min gode Terje ryddar og vaskar opp på kjøkkenet, spring skytteltrafikk opp og ned på loftet for å trøyste Sina og lagar kvelds til storeungane - sit eg på stove og kosar meg med datamaskina, ein god kopp te og juleboka mi.

018 

005 006

Eg har laga meg ei kosekrå i stova. I sommar gjekk eg og ungane til verks og berga eit bord som stod til forfalls på låven. Historia om bordet  kan du forresten lese om her. Einaste problemet har vore mangel på lys. Eg hadde sjølvsagt sett for meg korleis lampen skulle sjå ut, og i går var eg altså så heldig å få tak i den. No prydar den arbeidsbordet mitt og gir godt lys både til blogging, rette-arbeid (stilbunkar og liknande) og til kreativ kos (interiørbladlesing, scrapping m.m.). I kveld sit eg her og synest synd på meg sjølv, med tekopp, paracet og mykje kjekt å blade i.

028 025

C-vitaminar skal visst hjelpe mot forkjøling! Eg skal kose meg med klementinar i kveld. Dei vil forhåpentlegvis jage vekk basseluskane og kanskje endåtil sette meg i julestemning...???

014 015 

Eg kjøpte meg heldigvis roser i går. Det gjer noko med humøret når friske blomar pyntar opp heimen. Og når eg sit slik og lullar meg inn i sjølvmedlidenheit, kan eg late som om nokon har kjøpt desse blomane til meg for å trøyste meg og ønske meg god betring... Ein får ikkje meir moro - eller trøyst - enn ein lagar sjølv!

030

Ungane splelar monopol og ropar på meg. "Mamma, du må vere med!!!" Men mamma er så sløv og trøtt. "Kan ikkje pappa spele ilag med dokke???" "Nei, for han står på kjøkkenet og vaskar opp fordi du er så sløv og trøtt" (det var sant, ja.... Men eg er ikkje sløv og trøtt, berre sjuk. Veldig sjuk, faktisk...). Dei gidd ikkje mase meir, og køyrer heller to bilar kvar. Men eg lovar, i morgon er eg klar for både Monopol, Kinasjakk, Ludo og mykje meir - berre eg får kvile i kveld.....

016 031

Denne rosa må eg dedikere til min kjære Terje. No har han hatt full kontroll med heimen i heile kveld, medan eg har pleia helsa og slappa av. Det er trist å vere sjuk, men kanskje litt godt òg... I allefall om ein har nokon som trøystar og passar på, og lovar at alt skal bli bra igjen!  Takk, kjære Terje.... - for at du let meg kome til hektene igjen... 

11 kommentarer:

  1. Isj, så trasig! Håper du kjem deg til hektene fort! Pass godt på deg sjølv, og ha god betring! :)

    SvarSlett
  2. Du har så mange flotte bilder på bloggen din at eg blir heilt overvelda. Dei er berre så stemningsfulle og vakre.

    Du må ha god bedring og pleie helsa godt slik at du kjem deg fort tilbake til kvardagen att.

    Det ligg noko til deg på bloggen min.

    god helg Tove

    SvarSlett
  3. Tenk at du gir oss en så flott hilsen når du er syk. Og for noen skikkelige stemningsbilder!Den boken skal jeg bestille og og clementinene er vi alt i gang med. Riktig god bedring! Klem

    SvarSlett
  4. God bedring! Her stormer det utenfor stuedøra akkurat no...skikkelig smøla-vær. men inne er det deilig slaraffen lørdagskveld. iallefall for oss jentene, pappaen i huset kjører ambulansebåt i stormen, stakkar...mens vi gomler pizza og potetgull...forskjell på folk.

    SvarSlett
  5. Det er ikkje kjekt å vere sjuk, det er sikkert. men samtidig er det litt godt å bli pusla med òg - å kunne kroe seg saman og vere sløv og trøytt med god grunn. Nydelege bilder frå deg - den kroken såg herleg ut.

    God betring, Tove - håpar morgondagen vert mykje betre!

    SvarSlett
  6. Huff, da...Ikkje kjekt å vere sjuk. God bedring!

    Eg må berre sei det samme som andre her; du har slike stemningsfulle bilder, og skriv så godt, at det er ei fryd å "besøke" deg:)

    SvarSlett
  7. Ønsker deg god bedring, og kjem med eit lite tips: et eit eple kvar dag. Det har eg begynnt med, og eg trur det virkar. No er det snart 2 år sidan sist eg var forkjøla. Før var eg sjuk 2-3 gongar i året. Så til alle oss som ikkje greier å ta tran kanskje er eple like bra, i lag med trua sjølvsagt;)

    SvarSlett
  8. Huff da, så kjeeeeedelig....Håper det går fort over.
    Ønsker deg god bedring Tove!!

    Sender deg en god klem :o)

    PS:Sikker på at friske blomster hjelper, har erfart det selv :o)

    SvarSlett
  9. uffa - ikkje godt å vere sjuke - men du er jo så heldig å ha ein mann som hjelper deg
    God bedring
    Smil fra monika - som er i oslo og koser meg :-)

    SvarSlett
  10. Huff da, sjukdom kommer som regel aldri når man ønsker det, og den spør ikke om man har tid og lyst desverre. Og IKKE er det trivelig og ikke finne krefter til ting man har lyst til å gjøre.
    Har hatt min runde med en forkjølelse denne høsten jeg også, så jeg vet hva du snakker om.
    Egentlig er det bare å gi seg helt over, for du kommer deg nok til igjen ganske så fort skal du se.

    I trøndelag i dag regner det på tvers, og da er det godt å være i sofakroken under et pledd.

    Lampa di var så nydelig!!

    god bedring til deg herfra.

    SvarSlett
  11. Nydelige bilder....koselig å være her..Go bedring

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!