fredag 10. oktober 2008

Kan eg freiste med noko søtt???

 

001

Det er alltid kjekt å kome på besøk til folk som serverer gode sjokoladekaker! No skal du få ei oppskrift med meg som utan tvil imponerer venninnene, sjarmerer din "hjertens kjær" og som overbeviser svigermor om at du faktisk kan å bake betre kaker enn henne! Eg skal ikkje skryte på meg å ha dikta denne oppskrifta sjølv, opphavskvinna må sjølvsagt nemnast.
Det er ei oppskrift henta frå Nigelle Lawson si bok, "Nigellas fest - en hyllest til livet". Det er definitivt ei kake for nybyrjarar, då den er særs enkel å lage. Kaka skal lagast etter "ta alle ingrediensane, putt dei i ein bolle og rør"-prinsippet. Både boka og kaka er i aller høgaste grad å anbefale! Boka får du kjøpe
her, og kakeoppskrifta får du her: GAMMALDAGS SJOKOLADEKAKE

Til kaka treng du:
200 g kveitemjøl
2oo g sukker
1 ts bakepulver
1/2 ts natron
40 g bakekakao
175 g mjukt smør (helst usalta)
2 store egg
2 ts vaniljeekstrakt el essens
1 1/2 dl rømme (dette er heilt klart den hemmelege ingrediensen! Bruk lettrømme dersom du slit med dårleg samvit og slankar deg, el. vanleg rømme om du ikkje slit med slikt!)

Alt du treng å gjere no er å ha alle ingrediensane i ein matprosessor og køyre til du får ei tjukk, glatt og blank røre. Fordel røra i ei kakeform (ca. 24 cm, ta større el. mindre om du ikkje har anna). Steik på 180 grader i 35-40 minutt, sjekk med steikepinne. Dersom du ikkje har kjøkkenskuffa full av fancy utstyr, kan du bruke strikkepinne eller ein spaghetti. Når det ikkje heng att kakedeig på pinnen, er kaka ferdig. Ta forsiktig av ringen rundt og avkjøl. Løft kaka av botnen og legg på rist etter omlag 30 minutt.

Til sjokoladekremen treng du:
75 g smør (helst usalta)
175 g mørk sjokolade i bitar (må vere sjokolade med minst 70 % kakao)
300 g melis
1 ss lys sirup
1 1/4 dl rømme (lett eller vanleg)
1 ts vaniljeekstrakt el. essens

Smelt sjokolade og smør, enten på svak styrke i mikro eller over ei panne med kokande vatn. Avkjøl. Ha sirup i den avkjølte sjokoladeblandinga og deretter rømme og vaniljeekstrakt. Når alt er godt blanda har du i melis. Dersom du vil ha kremen tjukkare, har du i litt meir melis. Vil du ha den tynnare, har du i omlag ei ts. kokande vatn.

Del den avkjølte kaka i to. Du kan enten fylle den med noko av sjokoladekremen, sjølv synest eg vaniljekrem er eit godt alternativ. Til sommaren skal eg prøve å legge søte og solmodna jordbær ilag med vaniljekremen. Legg på toppen av kaka og dekk med sjokoladekrem. Eg er ingen ekspert på glatte og perfekte kaker, så med meg vert det litt hulter til bulter med sjokoladekremen - det vert godt uansett! Pynt gjerne med små, søte sukkerblomar. Har ikkje funne dei på butikkane i Ørsta, men ICA Maxi på Moa har stort utval.
Trur eg kan garantere at denne kaka vert ein favoritt - både for kakebakaren og gjestane. Men eg har ei lite bøn til slutt: dersom du veit kvar eg kan få kjøpt vaniljeekstrakt, så må du vere så snill og skrive ein kommentar til innlegget! Eg har leita overalt! Er ikkje heilt det same med vaniljeessens, så no vil eg ha tak i ekte saker! På førehand takk til dei som kan hjelpe meg....


003

Søte, små sukkerblomar set prikken over i`en!

12 kommentarer:

  1. Åh, herlighet...snakk om at tennene løper i vann! Den hørtes helt herlig ut, og den kremen!!!
    ha ei sukkersøt helg, klem fra smøla.

    SvarSlett
  2. Den kaka såg berre nydeleg ut. Kanskje det blir ei slik kake på kakebordet når vi skal feire dagen til pappa på søndag???

    SvarSlett
  3. Den så farlig ut....nam!Her ble det kjøpekake i kveld- napoleonskake, god den og! God helg

    SvarSlett
  4. Nam! Eg elskar sjokoladekake, denne må eg prøve:)

    SvarSlett
  5. mmmmm....deilig kake Tove, ditta kan du. Såg Nigella laga denne kaka på Tv her ein dag. Ho sa også at ein kunne steike i to former på 20 cm, om ein ville ha fyll i midten. Då ho var så mjuk og saftig at kaka vanskeleg lot seg dele. Har du erfaringa med det ? Enklare å nytte berre ei form :)

    Var på Stil og stemning og kjøpte litt cacas-produkt i dag. Dei hadde fått inn mykje nytt.

    Oppskrifta som eg fekk av deg på den andre sjokoladekaka, den med nøtter,har hausta mykje gode ord her i huset.
    Så takk for at du deler desse deilige oppskriftene dine med oss.

    Ynskjer deg og dine ei deilig helg!

    SvarSlett
  6. Takk du!
    Som du ser, ligger du på min- håper det var ok...! :-)

    SvarSlett
  7. UHmmm, den så bare lekker ut:)
    Ha ei fantastisk helg.

    SvarSlett
  8. Hei på deg!

    Vet at du får vanilla extract hos Vikamat i Oslo. De har en del amerikanske og engelske varer. Hvis du vil kan jeg godt gå innom der neste gang jeg skal til Oslo. Du kan evt. maile meg adressen din hvis du vil. Har kjøpt Baking soda, Nestles sjokoladebiter, pecan-nøtter osv. som jeg bruker i muffins og Cookies oppskriftene mine. Tror Vikamat får varene sine fra Stavanger så det finnes kanskje å få der også. Nå vet jeg jo ikke hvor i landet du befinner deg?

    Ha en fin kveld!

    Ps. kaka så vanvittig god ut!!

    Hilsen Bente

    SvarSlett
  9. Nammis...Nå kommer jeg fra 4 timers bloggtreff!! Skravla gikk og vips 4 timer var gått!!!! ;) Koooste meg!!! Tante Mimmi var der også...
    Deilige fristelser du serverer...Helgekalorier gjelder ikke!!

    Super helg til deg!!

    SvarSlett
  10. Heisann ;)

    TUSEN TAKK for varme ord, jeg ble veldig rørt og nesten litt gråttkvalt jeg....SERIØST.

    Det er utrolig herlg med så rause folk som du er.

    Fikk jeg lyst til å lage kake?....jepp !!

    Skal prøve ut den oppskrifta....selv om jeg strengt tatt ikke burde ;)

    Klem

    SvarSlett
  11. WOW. den så nydelig ut, og jeg SKAL prøve den i morgen! Min svigermor skal nok få se ( ler ) Blomstene da, kjøper du eller har du ett hett tips for det og? Ha en strålende helg!

    SvarSlett
  12. Denne MÅ eg bake! Mmmmm...
    *lagrar oppskrift*

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!