søndag 26. oktober 2008

Inspirerande helg!

Dette har vore ei helg av dei sjeldne. Eg tenkjer ikkje på dei to, skjønne bursdagsjentene i familien, eller at det bles orkan i går kveld. Nå nei du, det er nok mykje meir ekstravagant enn det!

voci3 

Denne flotte dama heiter Maria Gamborg Helbekkmo (f. 1942) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Bergen/Grieg-akademiet, der ho underviser i kordireksjon, klaver og solosong. Ho dirigerer Jentekoret og Voci Nobili, begge tilknytta Høgskulen i Bergen. Ho har studert korleiing, song og klaver i både innland og utland, og ilag med koret Voci Nobili har ho vunne 13 internasjonale fyrsteplassar og tre andreplassar, i tillegg til sigrar i ei heil rekkje nasjonale korkonkurransar. Ho har vorte tildelt kongens fortenestemedalje i gull og har vore dommar i både nasjonale og internasjonale korkonkurransar.

voci1

Og i helga har denne fantastiske og eineståande dama vore på besøk i koret vårt! Ei så dyktig dame fann sjølvsagt mykje å jobbe med og pusse på, men arbeidet gav resultat! Det var ei stor ære å få synge under så kyndig leiing, Maria Gamborg Helbekmo er ein stor pedagog med ei særdeles unik musikalsk utstråling. Tenk at ei så lita og nett dame kan ha så mykje krut!!! Eg er full av respekt...

Eg har inntrykk av at det er mange bloggarar i Bergensområdet, og fleire har kanskje vore så heldige å få oppleve Voci Nobili og Maria på konsert? Då er eg i allefall skikkeleg misunneleg...

voci

Vi held på å øve inn Benjamin Britten`s "A Ceremony of Carols", og om vi klarer å hugse noko av alt det Maria har lært oss denne helga - så blir det ein fantastisk julekonsert!!!

Eg gler meg allereie til korøving på onsdag!

Tusen takk for ei fantastisk koroppleving, Maria!!!

(bileta er henta frå Voci Nobili si heimeside)

10 kommentarer:

  1. Så spennande dette høyrest ut:0)
    Er utruleg kjekt når ein ser at ein oppnår resultat og får masse giv og inspirasjon!!
    Koret er no utruleg privilgerte som får vitjing av ei så spennande dame:0)
    Ynskjer deg ein fin søndagskveld:9)
    Klem, Line...
    Ps ~Er ikkje gift nei, då mannen i mitt liv lir av noko som vert kalla ekteskapsskrekk;0)

    SvarSlett
  2. Så heldig du er. Eg elskar å synge i kor, og har gjort det mesteparten av livet, men nett no har eg pause, og eg saknar koret. Men om ikkje så alt for lenge skal eg byrja att. Ikkje mykje som er så inspirerande som øvingshelg med ein dyktig dirignet. Skulle gjerne vore på konserten dykkar:)

    Ha ein fortsatt god sundag:-)
    Klem

    SvarSlett
  3. Hei! Åååå, jeg vet så inderlig godt hvor deilig det er å ha gode kordirigenter. jeg synger selv i Båsmokoret på Mo, og det gir meg så uendelig mye å være med i kor. Den største opplevelsen så langt, var oppsettinga av Mozarts requiem i fjor høst. Neste høst (vi øver allerede) setter vi opp Juleoratoriet av Bach. Blir nok stort det også! men akkurat nå er det julekonserten vi øver til. Koser meg med julesangene!
    klem
    (Hvilke sanger synger dere?)

    SvarSlett
  4. Så gøy det må ha vært, og så inspirerende!! drømmer om å få igang lærerkor her i bygda, jeg!!

    SvarSlett
  5. Så du synger i kor også ja?! Tenkte jeg det ikke, vi har litt til felles...

    Det høres ut som ei spennende helg, vet hvor fantastisk innsprøyting man kan få av gode pedagoger!

    Ta det med deg videre på øvelser frem mot julekonsert, da blir det bra!
    Britten har jeg forøvrig sunget selv også, mye fint!

    SvarSlett
  6. eLSKER KOR VETTU!! Må vel få hørt dere en gang!! leder ei forsanger gruppe nå, men skulle gjerne sunget i kor..hat gjort det mange år før!1 har hørt Den dama med Damekoret sitt ja..men nå er det leenge siden!!!
    Kos deg og syng i vei...det gjør vi i denne familien...mye å slekte på vettu..ja det vet du ;)

    SvarSlett
  7. Så kjekt med korhelg - liker også å synge i kor !:) Høres ut som om du hadd en kjekk helg !

    SvarSlett
  8. Hei Tove! Eg er enig i kvart ord du skriv! Denne helga har vore ei av dei sjeldne! Det har rett og slett vore ei stor oppleving å få syngja med denne fantastisk dyktige dama. Då ho takka for seg, kom tårene fram. Åhhhh... No gler eg meg til komande øvingar og ikkje minst til julekonsertane!

    SvarSlett
  9. Høyrest ut som ei spennande korhelg. Det er utruleg inspirerande med dyktige folk. Vi i koret mitt fekk instruksjon av The Real Group i mars på eit seminar her-veldig spennande! Lukke til med øvingane fram mot jul. Vi startar med juleøving i morgon:)

    SvarSlett
  10. Det hørtes ut som ei knallkjekk helg, med ein så proff dirigent! Har vore på konsert med både dama og koret hennar, faktisk. Har songe mykje i kor sjølv, men akurat no har eg ikkje noko kor i nærleiken som eg føler passar for meg.

    Har songe Brittens ceremony of carols, og om de ikkje har gjort det før må de ta opp Requiem'et hans òg - det er nydeleg!

    (er visst mange dagar sidan sist eg var inne hjå deg - utruuleg hektisk her for tida, men no tek eg meg nokre minuttar med pc og nydelege bloggar likevel)

    Natti, Tove! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!