mandag 22. september 2008

Gangdøra heime....

Ei fantastisk flott dame frå ei av nabokommunene, Marie Lovise Widnes, har skrive ein song om gangdøra heime. Ho hadde heilt sikkert ikkje ei gangdør som mi i tankane då ho skreiv denne songen, for då eg såg døra i sollyset i ettermiddag, var det sanneleg ingenting å synge om.....

032 034

Bileta lyg ikkje! Det såg faktisk slik ut! Er ikkje mykje shabby chic dette, berre shabby og sørgeleg... Når også dei kortaste barnehendene i huset  klarer å nå opp til glasa, er det vel ikkje anna å vente at det blir slik! Her er det alt frå snørr, nugatti, leverpostei, mold og saftklissj, berre for å nemne noko... Den lave haustsola har det med å kome med slike avsløringar! Det beste er å halde seg ute til ein ikkje ser alle fingeravtrykk og hybelkaniner. Skulle kanskje ikkje ha blogga om slikt, men vi må vel av og til vise fram denne sida òg!

021 023

Eg klarte sjølvsagt ikkje å sjå på elendigheita, så eg var raskt på pletten og fekk vaska vekk alt. Etterpå kosa eg og eldstemann oss  attmed kjøkkenbordet med lekser, lys og deeeeeilig kaffi.

Så gjenstår det å sjå kor lenge glasa i døra held seg reine og fine. I morgon er eg vel ute med skurekluten igjen... Når noko av det kjekkaste tuppelura veit er å stå på utsida og banke på med handflata og rope titt-titt, så er det sjølvsagt berre eit tidsspørsmål!

5 kommentarer:

  1. Små føter set også spor etter seg. Det gjel i aller høgste grad små hender også! Kjem du på besøk til meg, ja då ser du at her bur det mange slike små hender:)
    (Store hender set visst også spor...ikkje fullt så sjarmerande...)

    Nydelege bilete av norgesglasa dine, både dei med og utan innhald!

    *Du e et drivandes kjæringemne du forste ej* :) :)

    SvarSlett
  2. Heisan, jeg synes gangdøren din var nydelig jeg. Det vitner om at det lever masse små mennesker i huset som ikke blir forfulgt mef klut og våtservietter, hehe
    Morsomt innlegg, dette! Flotte bilder! Ha en fin kveld :o)

    SvarSlett
  3. Herlig syns jeg! Sånn skal det være med barn (og hun) i et hjem=)
    Vi alle skal kunne leve der. Nydelige blomster bilder. Så flink du var med frukten din i ditt forrige innlegg=)
    Klem

    SvarSlett
  4. Hybelkaniner er en særdeles hardfør art, som det er vanskelig å holde unna huset. Men siden du nevnte fingeravtrykk kom jeg til å tenke på noen små vers som henger på veggen hjemme hos min datter. Med sønnens håndavtrykk på.

    Det hender du blir sliten
    fordi jeg er så liten.
    Jeg setter merker alle steder
    og gjør deg ganske sliten.

    Men hver en dag blir jeg større
    Ja, en dag blir jeg stor.
    Og alle mine avtrykk
    blir bare svake spor.

    Her er mitt lille avtrykk
    så du kan huske og forstå,
    hvor søte hender jeg hadde
    den gangen de var små

    SvarSlett
  5. Hei! Eg heiter Mattias Daniel Damsgaard Woodson og eg heve ein beskjeden liten kanal på videonettstaden YouTube der eg leggjar ut gamle slagerar, visar og songar i si ORIGINALE plateversjon!

    HER HAR DU EIN LINK TIL HOVEDSIDA PÅ KANALEN MIN:

    http://www.youtube.com/user/casinobowling?feature=mhee#g/u


    Eg heve mellom anna logge ut songen om "Gangdøra Heime" av og med Marie Lovise Widnes!

    HER E EIN LINK TIL SONGEN PÅ YOUTUBE:

    http://www.youtube.com/watch?v=p0eSkL5LY-o

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!