lørdag 9. august 2008

Å rusle grøftelangs.....

Laurdagsmorgon, gløtt av sol - men likevel med lukta av vedfyring i lufta. Det kriblar i beina. Må ut å gå tur. Tek med fotoapparatet, er så mykje vakkert i grøftekanten. Tek meg god tid, ser - luktar - lyttar. Skal eigentleg vere ein stad, men tillet meg å vere forseinka. Det er viktig med stopp i grøftekanten. Det er turen som er målet.

001  013

Tistel og raudkløver kivar om plassen i grøfta. Begge to vakre, begge to stolte.

014 

Kva gøymer seg attom denne flotte portalen?    

006     007 

Piggtråd. Nesten som endelause rekkjer av fingrar fletta i kvarandre. Noko skal vernast, hindrast i å sleppe ut. Noko skal skremast frå å bryte seg inn.

015009

Eit strå; skjørt og veikt. Grana; stor, ruvande og dryg. Begge strekkjer hals mot lyset. Begge rettar ryggen når stormen har lagt seg. Dei let seg sjeldan knekke. Får sår kan hende, men alltid vidare - alltid mot lyset.

011

Med bod om haust....

018

Som oftast ser vi dei vakre roseblada. Men sjå dei vakre, gule støvbærarane...

   083

I eit hus, i ein hage.... Det var dette som var målet mitt i dag. Eit gamalt skulebygg frå 1904. Sjel i veggane og med merke frå svunnen tid. No pustar det nytt og kreativt liv i skulestova. Det kjem det meir om ein annan gong...

8 kommentarer:

  1. Hei igjen. Her kommer inleggene raskt ¨må jeg si:=) Men du får nok en hilsen fra meg du når jeg oppdager at du har laget et nytt innlegg. For en deilig morgen tur du har tatt oss med på. Kankjse jeg skulle det i morgen tidlig.=)
    Nydelige bilder. Koser meg hver gang her hos deg.=)

    Klem :O=)

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder Tove!!!
    Du er så flink å fange opp detaljar!!!
    Misunner deg av denne evna...
    Klem til deg!!

    SvarSlett
  3. Mmm, eg får lyst til å gå tur!

    Det er så kjekt å lese innlegga dine, du skriv så godt! :)

    Ha ein god søndag!

    SvarSlett
  4. Eg tippar huset til onkel Knut gøymer seg bak den vakre portalen??

    SvarSlett
  5. Så fine bilder du deler. Vakkert er det.

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  6. Så fine bilder du viser!!
    Nå vil jeg ta en tur ned til sjøen!!
    Det regner ute men kanskje jeg kan finne noen skatter der nede:O)

    Ha en fin kveld:O)

    SvarSlett
  7. Hei Tove.=)

    Det ligger to awarder og venter på deg hos meg . Disse to vil jeg gjerne gi til deg forde du fortjener de.=)
    Klem =)

    SvarSlett
  8. Det ligger ein liten ting til deg på sida mi ;O)

    Den fortener du!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!