søndag 10. august 2008

Det blir nok verst for mor....

006 

Det er ein vemodig kveld for mor i huset. Etter meir enn eitt år som heimevèrande, skal mor i arbeid att og lissjegullet i barnehage. Kven skal tørke tårene no? Er der nokon som ser deg når du treng trøst og kos? Kven sitt hår skal du tvinne når du skal sove?

Lausrivingsprosessen er nok verst for mor. Å sjå det aller kjæraste du har vinke til deg frå vindauga i barnehagen, gjer både godt og vondt på same tid. Eg veit Sina får det godt og at ho treng å leike seg ilag med andre born. Og eg kjenner at eg gler meg til å byrje på jobb igjen. Då er det vel ein vinn-vinn-situasjon????

017

 

Det verste er vel å tenkje på at tida har gått så fort. For to månadar sidan lærte ho seg å gå, for eit halvt år sidan kraup ho rundt og reiste seg opp for å spasere rundt bord og benkar. Og for eitt år sidan var ho mamma sin nydlege, vesle baby. No er ho 14 månadar og er stor jente.

Og i morgon er det altså barnehage.... No skal eg snart krype til køys og prøve å finne svevnen, men veit at eg vert liggande vaken lenge og mimre ilag med Sina-pappaen om alt som har hendt siste året. Det blir nok ein "fyrste dag i barnehagen"- rapport på bloggen i morgon....

PS! Trur eg må sende med henne mobil, slik at ho kan ringe meg når som helst.... ;)

9 kommentarer:

  1. Lykke lykke til i morgon, Tove. :)
    Veit korleis du har det, har sjølv innkjøring med min lisje-kar :) Vi skal nok klare dette også :)

    Stor natta klem, og takk igjen :)

    SvarSlett
  2. Jeg skal tenke på deg, dette kommer nok til å gå bra skal du se. Men skjønner alle tankene du har. Det er ikke lett! Men slike veiskiller vil komme jevnt og trutt fremover i livet til de kjære barna våre. Kanksje ikke en trøst nå=)
    Men husker alle disse veiskillene jeg har hatt med mine fire barn . Og de er ikke over.0) Riktig lykke til deg i morgen:=)

    Klem fra Kerstin:=)

    SvarSlett
  3. Lykke til i barnehagen vesle Sina!! Det går nok veldig bra skal du sjå Tove!!
    Men kjenner kjensla, og det er nok verst for mor!!
    Min lille Ludvik starta i barnehagen i april, og skal begynne igjen imorgon etter ferien. -Og han storkosar seg i barnehagen, stor-flirar når han skjønar han skal dit!!!
    Men enig med deg: Tida går så altfor fort. -Ikkje lenge sia dei vart født........-og brått er dei store eigenrådige, men akk så skjønne ett-åringar..!!
    Gle meg til å høyre om første barnehagedag!!

    SvarSlett
  4. Masse, lykke til i barnehagen, lille venn!
    Åh, jeg kjenner denne følelsen...den er så vond og rar på en gang, selv om man har prøvd det flere ganger...Vi skal også ha en ny start på hverdagen i morgen...Største prinsessa på SFO, lille gull tilbake i barnehagen, og jeg på jobb...brått og brutalt. Sommerferien er over!!!

    SvarSlett
  5. Lykke til med barnehage og jobb. :) Det går nok fint, selvom det er en stor overgang.

    Takk for awarden! Og gode ord. :)

    SvarSlett
  6. Det verte nok litt tøft, men veit du at lisje gullet ditt kjem heilt sikkert til å storkose seg i barnehagen.Men det er veldig sårt å forlate desse små gulla i framande hender, det er sikkert!

    Du kan jo trøste deg med at ho får maaange nye venner og heilt kjem sikkert til å få mange nye opplevingar.

    Klem

    SvarSlett
  7. Lykke til i dag Tove - dette går BRA :)
    Husker godt da eg sende elstegutten i barnehagen - ikkje greit - men godt etter ei stund
    Så blir det tilvenning på dattra og avvenning fra deg :)
    Og veldig godt når ho kommer hjem i dag
    Smil fra monika
    ps - husk å sende med mobiltelefonen :-)

    SvarSlett
  8. Ja, tida berre flyg, renn ut gjennom fingrane på oss. He framleis tre månader att før eg må levere frå meg Iver August, Må begynne å manne meg opp, kjenne eg ikkje er klar for det enno. Godt vi he ein kjekk arbeidsplass med mange gode kollegaer vi skal tilbake til. Gler meg til å jå korleis det går med Sina i dag. Ha ein vidunderleg dag så lenge.
    Klem

    SvarSlett
  9. Off, ej kjenne ej grur mej allereide...
    Hekje nåke lyst å sende lisjegollje mitt i barnehagen.
    Sjøl om d e lenge til endå, veit ej at tida går so fort, og plutsele e dagen komen..
    Lykke til me barnehagestarten!

    Ej la til en link til sida di på bloggen min. Håpe d e greitt;-)

    Anette

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!