onsdag 6. august 2008

Endeleg blømer det hos meg òg!

Etter endelause vandringar i Blogglandia, kjenner eg kor misunneleg eg vert når eg ser alle flotte hagane, rosene og blomane. Som trufaste blogglesarar har fått med seg, har eg minimalt med hage og grøntareal rundt husveggane for tida. Men jammen har eg noko å vise fram eg òg!

For det fyrste: ungane laga seg ein liten hage rundt leikarhytta for noko sidan. Her kan du sjå det innlegget. Der planta dei ned diverse som dei hadde dyrka fram nede med bestemor. Om enn noko beskjedent, så blømer det i allefall litt.

010 013 011

Her kjem det solsikker snart, og dei blå knoppane vart like vakre som ungane hadde drøymt om!

For det andre: For maaaange år sidan planta eg eit rosentre i ei lita krukke. Treet kjøpte eg på tilbod, det var lite og taslete - ingen trudde at det skulle verte noko av dette treet. Til trass for god gjødsling gav ikkje treet roser fyrste året. Skuffa sette eg krukka i fjøsen og gløymde den heilt til neste haust. Til alle si undring stod det vesle treet og blømde inne i fjøsen! Eit tilvære utan tilgong på dagslys, vatn og gjødsel var ikkje til hinder for å skyte knopp for dette sterke treet! Og sidan har åra gått. Treet står i same krukka, overvintrar i fjøsen og får sjå dagens lys ein gong i juni.

022 015

Eg veit ikkje kva rosene heiter, anna enn at dei må vere av typen "toler alt, utheld alt" - akkurat som kjærleiken! Dei toler å stå utan vatn og gjødsel, blømer til trass for lite merksemd og stell og gir meg enormt med glede! Til alle rose-elskarar der ute som sikkert ristar på hovudet over greinaløysa mi: eg lovar å skjerpe meg! Til våren skal den pottast om og få uendelege mengder kjærleik og omsorg!

018  019

Men sjå berre her! Der kjem nye knoppar som skal gi meg meir glede utover hausten! Må ta godt vare på dei...

017 023 025

Eg trur rosene kosar seg og har det bra fordi dei har så godt selskap i krukka si! Kven ville vel ikkje bløme vakkert med skjønne "Natt og dag" ved si side? Desse små blå og lilla blomane har sådd seg sjølv ein gong, og kjem att kvart år og prydar kanten på krukka. Synest dei to fargane passar så godt ilag. Får håpe dei blir med vidare når eg pottar om rosene til våren.

Dette var eit aldri så lite innblikk i mi ringe roseverd! Tenk når eg neste år kan vise fram prydhagen eg så lenge har drøymt om... Forhåpentlegvis!

1 kommentar:

  1. Halloen i Knopplandia.
    Kanskje berre totalt mørke kan ta knekken på visse roser. Akkurat som kjærleiken...
    (Sidan dine blømer i fjøsen.;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!