mandag 21. juli 2008

Etter regn kjem sol...

Sola slit litt i dag. Skodda heng tjukk og tung, langt ned i fjella. Ut i øyane ser det ut som om regnet har teke over. Det skal visst verte sol og varmt snart. Dei seier det dei som kan seg med slikt. Vi andre berre ventar. Og ventar. Vi tek vèret som det kjem, men vi ventar mest på sola...



..

Regn gjer velsigna godt for alt som veks og gror. Regn kan i beste fall gi ein sjeleleg dusj, som vi alle kan trenge ein gong iblant. Kle deg godt, gå ut, la regnet leike i andletet ditt. Pust godt inn, kjenn på alle gode luktene og lytt til alle dei fantastiske lydane. Og vit at etter regn kjem sol - eingong....

(bileta har eg lånt frå Wink Nixone)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!