mandag 28. juli 2008

Tomt batteri - kven kjem og laddar meg?

001

Det er varmt ute. Utruleg varmt. Eg går rundt som i ein døs. Litt inne, litt ute. Aldri lenge stille på ein stad. Ungane held meg for så vidt i ande. Krev meg, masar på meg, vil leike med meg og kose med meg. Det er endå varmare i varmen når små kroppar kryp opp på fanget og knugar seg fast. Det er ikkje det at eg syt og klagar, for eg set stor pris på dette vedunderlege vèret. Men eg vert så tappa for krefter, giddalaus - rett og slett tom for batteri.

002

Kastar eit blikk bort på haugen av laddarar som eg rydda av benken i går. Trur snart vi har 15-16 ulike laddarar som alle tenar ulike føremål: tre ulike telefonar, Nintendo, to ulike fotoapparat, videokamera, datamaskin, radiostyrte bilar og dinosaurar (tenk det, ja!), babycall, barbermaskiner og endåtil ein Tivoli-radio. Trur faktisk ikkje eg har nemnt alt eingong! Men viktigaste laddaren ligg ikkje på bordet. Den laddaren som ein treng ein gong i ny og ne, når det viktigaste maskineriet i huset ikkje har meir energi att. Kva for ein laddar skal ladde meg? Tenk om det hadde vore så lett at vi berre kunne seie: "Sorry, folkens - eg har ikkje meir batteri att. No skal eg ligge rett ut, stille og heilt i fred. Må til ladding, skjønar du!. Kan du ta den ledninga som ligg på bordet, og så pluggar du meg i? Takk skal du ha!" . Slik er det nok ikkje - dessverre... Tvilar vel eigentleg på om teknologien nokon gong kjem så langt. Då er det berre å gjere som ein alltid har gjort: finne energien andre stadar. Av og til er ein liten sjokoladebit nok, eller ein klem, eller å gå seg ein forfriskande tur i regnet. Kanskje kan ein endåtil snike seg til ein liten halvtime på sofaen? Ikkje for å sove, bevares, men berre kvile augene... Beste laddinga i dag trur eg er å halde seg mest mogleg innandørs og i skuggen. Bading og fjøreliv tek vi til kvelds. Det er olsok i dag, og då er det fast tradisjon med pølser i fjøra når kvelden kjem. Ikkje tennvæskepølser på eingongsgrill, men spidda pølser på bål. Betre kan det ikkje vere! Då vert det nok liv i batteria skal du sjå! Eg ynskjer alle ei flott olsokfeiring! Måtte alle batteri laddast til bristepunktet i dag!

 

8 kommentarer:

  1. Eg kunne også tenkt meg å verte oppladda til tider. Sukk... Kjekt med bål og pølser då ;O) Vi var på setraen til mine foreldre og svigers her ein dag og grilla pølser på bålet om kvelden. Det finnes knapt noko betre enn å sitte i lag med sine born og kose seg at med bålet.

    Ha ein finfin kveld!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Måtte inn og lese innlegget ditt om pakken du sendte til mamma-bestemorshobbyblogg..
    Ho ble så glad for pakken, at du aner ikke!!
    Så glad ble hun, at hun nevnte den i talen sin på sin egen bursdagsfeiring i helga!:)
    By the way.. : du har mange utrolig flotte bilder!

    SvarSlett
  3. Trudde du henta energien din frå ei Sarepta-krukke eg Tove! Men eg trur eg forstår kva du meinar:) Tusen takk for fine kommentarar på bloggen min forresten! Ha ein fin kveld:)

    SvarSlett
  4. Ja i dag kjenner jeg at jeg trenger litt lading jeg også!!
    Og så skal jeg jo på jobb i morgen...... Hmm :(
    Kunne godt hatt lenger ferie nå ja!!
    Kos deg på olsokfeiring:O)

    SvarSlett
  5. He he Ja hadde det vært så enkelt at en bare kunne lade seg selv opp hadde det ikke vært noe problem:=) Hihi

    Klem:=)

    SvarSlett
  6. Ja - du fikk det til :) Hanne

    SvarSlett
  7. Ja,tenk om det hadde vore slik,du..
    Berre plugge i kontakten og lagt seg på lading..nei, me må vel finne andre måtar å gjere det på.
    Dei fleste veit vel kva som ladar ein....for min del er det hobbyane...
    God olsok!

    SvarSlett
  8. Her kjenne eg meg godt igjen! Varme og sommar betyr fulle skitneklekorger og fulle baljar med kle som ventar å kome på rett plass. Fulle benkar med koppar og kar, og kaos i gangen med våte og tørre badekle. Og "målet mitt for hagen i sommar" - ei skråning som skulle vore rydda og planta står der like uferdig kvar dag eg går forbi på veg til badestranda... Jaja... Det får berre stå!Prioriteringa vert å få i seg mat og drikke, og finne seg ein plass i strandkanten. Ungane er iallefall førnøgde. Ein må berre nyte dagane - dei få vi har på ein sommar. Det kjem tidsnok ein regnskur!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!