torsdag 24. juli 2008

Takk og lov for kreativitet og små, grøne fingrar!

Ungane boblar over av kreativitet, energi og skaparlyst for tida! Her ein dag kom dei på at dei ville lage eit bed bak den provisorisk plasserte leikarhytta (det er visst fleire enn mor sjølv som fortvilar over mangel på grøne og frodige flekkar...). Dei sette igong med å lage bed, bar store steinar og fylte på med mold. Her skulle det plantast!

Dei måtte ha ei grind inn til bedet. Det skulle gå an å lyfte den opp slik at ein lett kunne ta seg inn. Johan demonstrer korleis det skal gjerast!
I vår sette ungane ein del frø i lag med bestemor. No var det på tide å berge dei stakkars stiklingane, og samtlege fekk plass i Johan sitt bed! Solsikkene blir omhyggeleg planta i jorda, ilag med nokre som skal få små, blå blomar.
Til slutt skulle det plantast ei bjørk. Dette er ei hengebjørk som bestemor fekk med ein mann på Runde, og den skal no få seg ein ny heim på Halsane. Johan brukar sjølvsagt gravemaskin for å lage stort nok hol (kva ellers...?). Skal tru om ho vil trivast med oss?


Ida var sjef for vatning og gjødsling, medan bestemor fekk vere med og legge siste hand på verket! Ho kom opp med nokre nydlege roser til meg - TUSEN TAKK, MAMMA!

Desse vakre rosene kom mamma med til meg.

Kanksje eg kan ha slike roser i eit vakkert bed, ein vakker dag...?

4 kommentarer:

  1. Så flinke de er da!!
    Ja det er bare å la de få ta del i arbeidet:O)
    Da lærer man jo de å bli glad i det som vokser og gror!!

    Nydelige roser du fikk:O)

    Ha en fin kveld:O)

    SvarSlett
  2. Ei slik hengebjørk skulle eg også gjerne hatt. Dei er så flotte!!

    Blei eit retteleg vakkert bed, gler meg til å sjå når det blomstrar! Flinke og kreative ungar :-)

    SvarSlett
  3. Heisan Tove.
    Så kjekt å følgje med i den flotte bloggen din.Huskar ikkje heilt korleis eg "kom over" den, men trur det var gjennom felles kjente på facebook?! Ingrunn, som kjenner deg veldig godt etter det eg har skjønt, er ei veldig god veninne av meg! -Syns du har ein veldig flott blogg, så eg er innom både titt og ofte!! Sjølv er eg heilt nybegynnar i bloggens verden, syns det er veldig kjekt, sjøølv om eg ikkje er sæ veldig dreven ennå... -FLOTTE ungar du har også..gler meg til å følgje med deg vidare...
    mvh Inger Anne

    SvarSlett
  4. Hei Inger Anne! Kor kjekt at du gir deg til kjenne! Ingrunn har snakka mykje om deg! Du lyt sjølvsagt legge att ein link til bloggen din slik at eg får stikke innom ein tur! Kom gjerne tilbake, her er stadig noko nytt!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!