lørdag 19. juli 2008

Sommartankar i ein sommarkveld.

For ikkje å bryte stillheita

prøver eg å symje lydlaust

gjennom det blikkstille vatnet.
Det hender at skuldrane mine

kjem for høgt og lagar lette

krusningar i overflata.
Lyden forsvinn sakte og eg sym

vidare medan eg stille erkjenner

at sommaren er her.

Det har vore så kaldt og surt i det siste. Mykje regn, lite sol. Mykje innevèr, lite bading. Regn er aldri eit hinder for livsutfalding og glede, men alt er så mykje enklare når det er sol. Vi saknar badelivet i fjøra. Vi saknar dei varme kveldane med raudvin på altanen og håpet om at desse stundene skal få vare evig.


Men det er håp. Det er alltid håp.


I dag har eg og Ida funne noko av sommarkjensla att. Ei enkel og svært så kvardagsleg stund, på ein kvitmåla benk ved ei fjøsdør. Vi kjende på varmen, den mjuke vinden som gav tørk til klea vi nettopp hadde hengt opp. Lukta av nyvaska kle. Humlene som levde sitt eige liv i buska bak benken. Vi kjende på håpet. Håpet om at sommaren ikkje er over. Håpet om at dagane våre snart skal fyllast av sol og sommar igjen.

"Dette er den riktige, den kraftige sommer. Den slipper regn når det trengs, men den har forkjærlighet for solskinn."

- Nils Kjær -

2 kommentarer:

  1. Du skriv så fint, Tove!! Hei,hi..jada har vært på blåbærtur i dag jeg og...og tror jeg kjenner utsiktaja...skal ikke røpe noe jeg...

    Utrolige mengder, men ikke alt var like modent ennå. Har rensa bær i hele ettermiddag!!!

    Nyr sommerbrisen! I morgen blir det tur til Runde!

    Sommersmil litt lenger innafra!! Eller er det utafra...ja..ja...
    Inn til Vik, men ut til liadal...så det blir vel innafra!!!

    SvarSlett
  2. Tidlig oppe ser eg!!
    Ja, du har vel små å passe på....
    her er alle oppe til en forandring..siden vi planlegger å reise litt tidlig til Runde, så vi kan pakke i kveld og reise videre i morgen tidlig til Trøndelag der jeg kommer fra!

    Det ser klart ut i dag og det kan bli en fin dag!
    vil ikke at du skal røpe blåbærstedet, nei! Vi har vel løst den gåta..

    Ha en fortsatt fin sommer!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!