søndag 20. juli 2008

Det er lov å drøyme....

Djupt inne i meg ein stad, drøymer eg om å bryte opp frå kvardagen her heime og flytte til USA. Ta med meg familien, leige oss eit hus og vere amerikanarar for eit år eller to. Kanskje kunne vi slå oss ned i New England-området ein stad; New Hampshire, Rhode Island eller kanskje endåtil Vermont. Vi skulle hatt eit hus ikkje så langt frå stranda. Eg skulle vakne tidleg kvar morgon, gå tur på stranda med hunden og så heim og lage frukost til familien.

Men det forblir nok berre ein draum - dessverre. Men drøyme om det har eg lov til!



På patioen skal eg kose meg, anten til fuglekvitter om morgonen, eller til bølgeskvulp i rolege kveldstimar etter at ungane har lagt seg.

Frå huset og ned til stranda ruslar vi på wood-decks.
Eller kanskje vi heller skulle ha vår eigen, vesle innsjø?

Utsikta frå soverommet skulle ikkje vere noko å klage over, sjølv om dette biletet kanskje er meir tropisk enn "New Englandsk"!

Frå stova skulle vi nyte den fantastiske utsikta, med store vindauge frå tak til golv.
Fin draum, eller? Skulle ynskje det var sant, då skulle du få kome og besøke meg!

9 kommentarer:

  1. Hei! For ein koseleg blogg du har!Så kjekt å finne nye bloggar...

    Eg legg deg i lenkelista mi, om det er greit?

    Ha ein fin søndag!

    SvarSlett
  2. MMMMMmmmmm! Det beste av alt er å drøyme syns eg!
    Takk for besøket på bloggen min- kjekt når det dukkar opp nye navn, vert litt nyfiken då (såg du hadde skreve om det!) Og medan eg var laangt vekke frå datamaskinen har det vore ein Ørsting og ein inngifta Ørsting innom, fiffi! Og sidan du har lagt ut bilete var det ikkje vanskeleg for gubben å dra kjensle på deg heller!;)
    Veldig kjekt! Jentene mine har vore hos besta og besten, og sett "Villhesten" i sumar og ida,Sina og Johan har vel ei tante dei kan sjå på film!;)
    Snart skulle me hatt den på DVD(er vel ikkje laga..?) for besta sin film er utslitt...
    Morosame greier dette! tihiii!

    SvarSlett
  3. Der var oppskrift til fleire malar. Eg har Minima som mal, men med eigen bakgrunnsfarge. Ta deg ein titt innom denne sida du: http://tips-for-new-bloggers.blogspot.com/2007/02/three-columns-blogger-template.html

    Husk å laste ned din opprinnlege mal, slik at du berre kan laste opp igjen den, om du ikkje vert fornøgd:) Var greit forklart, men eg hoppa over punktet

    "Update:
    We shall also change the layout editor to cater to the new width. Scroll to where you see this and add the lines (shown in red):-"

    for det fans ikkje i malen min... Men det funka likevel! =)

    SvarSlett
  4. Hei. Crocsa har eg kjøpt på taylorshoes.com. Det var mykje utsolgt såg eg - hadde eigentleg lyst på eit par i andre fargar, men det blei brune til slutt.

    SvarSlett
  5. he-he! No har vi det morosamt!
    Du veit kor svigers til miamor bur- mine bur litt lengre ute!
    08.08.08 vart for meg ei gåte..men brått!!! Eg er tanta hennar!;)
    Men eg har ikkje tenkt over at det var sååååå svong over den dagen!! tihiii! Me får trø til då! Takk for hjelpa!
    No er gåta løyst tenkjer eg! Mannen min kunne ikkje forstå at du budde der? Har de kjøpt eller overtatt gard (eller har eg misforstått noko??)
    Mange små mysterier etter mange år;) Vegar kryssast på nye uventa måtar og det er jo trivelegt!

    SvarSlett
  6. Godt å drømme seg vekk avogtil.......
    Dette burde være mulig:O)

    Blir dette sant kommer jeg på besøk:O)

    SvarSlett
  7. Pant på gjesterommet!

    SvarSlett
  8. Eg kjem! Berre du har breibandstilkopling som verkar!
    ;-))

    SvarSlett
  9. Hei! Hyggeleg at du titta inn til meg! Måtte jo sjå innom deg i retur! Eg lenkjer deg, eg!

    Kjem gjerne og låner gjesterommet i dette draumehuset!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!