mandag 14. juli 2008

Prosjekt nr. 1 (nesten) ferdig!

Då var vi endeleg nesten i mål med Ida sitt flunkande nye "skulejente"-rom! Gardinene sydde eg i ein fei i går, men her må det leggast til at det for all del ikkje er snakk om verken prydsaum eller komplett nøyaktigheit! Eg er ingen kløpper til å sy, og har nesten berre symaskin-sertifikatet frå barneskulen på skrytelista mi. Sjøl om maskina mi er særs god å sy med, var ikkje akkurat stoffet så lett å sy (mamma hadde advart meg mot det, men kven let vel slike bagatellar stå i vegen når stoffet var så nydeleg???), men eg kom meg i mål - sjølv om det kanskje vart litt skeivt her og der. Prinsessa mi vart i allefall strålande fornøgd, noko fotoserien under stadfestar. Velkomen med på ein liten rundtur!
.....
Her er eg i full sving med sying! Tilda-skrinet mitt held orden på sakene!


Engelen i vindauget har passa på Ida i tre år, og var fyrstemann på plass etter den store nedvasken. Søte, rosa detaljar frå rommet.
......
Gjett om det var godt å krype under dyna denne kvelden!

Slik vart det ferdige resultatet! Ida synest det var godt å få ut alle dei "barnslege greiene". Vi skal ha innatt nokre av tinga hennar, medan andre vert pakka vekk i minnekasser eller levert på NMS-bruktbutikken. No jaktar vi på ein gamal stol som vi kan male kvit og bruke til skrivebordet. I tillegg skal vi ha opp nokre bileter og finne eit teppe til å ha på golvet. Vi mala det gamle tregolvet kvitt for nokre år sidan, men malinga sprekk opp mellom golvborda. Enten må vi pusse det ned og male ein gong til, eller så må vi legge belegg eller parkett. Men eg synest det gamle tregolvet med alle hakk og kakk frå svunnen tid er så sjarmerande....

8 kommentarer:

  1. Så fint det ser ut til å ha blitt!!! Eit skikkleg skulejenterom - heilt sikkert :o)

    Eg syns også at slike tregolv verkleg har sin sjarm, og eg trur det vert å male golvet på loftet her lyst framfor å legge noko oppå, sjølv om det heilt sikkert vil sprekke både her og der. Men det blir ikkje heilt endå - det får bli prosjekt neste år her i huset.

    SvarSlett
  2. Å, så nydelig rommet til Ida ble! Det må være kjekt å legge seg ned der og sove... husker når pappa tapetserte mitt rom da jeg var sju år... Men det ble ikke såååå fint. Stilen var ikke sånn den gangen.
    Hjelp, det er faktisk 47 år siden ...
    God natt!

    SvarSlett
  3. Blei kjempefint!
    Må ikkje legge noko oppå tregolvet! Om de malar oppatt ein gong så legg akrylmasse i sprekkene, den er tøyeleg og fylgjer bevegelsane i golvet :-)

    SvarSlett
  4. Jenterommet blei kjempe koseleg. Tuva har også ein slik vegglampe. Blir så koselig lys av den.

    I dag traff eg Marit(Miamor) På fru svensen cafèen i ørsta, og det var så koselig!!Artig at ho skulle hit til Ørsta :)

    I dag har det virkelig vore eit ruskevær, nå gleda vi oss til å dra av gårde på ferie. Vi reiser torsdag til skjåk, der står vogna vår. Så overnatta vi der til fredag og reiser vidare til Lillehammer. Skal innom Hunderfossen og kansje lilleputthammer.
    Blir kjekt for ungane og deilig med tur for oss voksen også. Håpar på finevær.
    Kos deg vidare du også:)
    Klem

    SvarSlett
  5. Hei-Hei! For en koselig blogg du har! Og jenterommet ble kjempe fint! Tenker Ida er stolt!Pulten var utrolig søt:) Tusen takk for koselig kommentar hos meg, legger deg til på listen min:)Håper du får tak i photoshop en dag..utrolig mye kjekt man kan gjøre der.. Mye å lære,men gøy:)

    Ha en kjempe fin dag:)
    Klem*

    SvarSlett
  6. Hei, og takk for kosleg kommentar hjå meg! Kjempefin blogg du har her, og aldeles nydelege ungar! Dette rommet var òg knallfint - heilt perfekt for ei passe stor prinsesse :)

    Når det gjeld scrapping er det jo utruleg mange butikkar å velge mellom! Om du ser på sida mi ligg det linkar til m.a. papirgleder (kjempefin nettbutikk, og med veldig bra forum og galleri til inspirasjon), TreL (mange like ting som hjå papirgleder, men med ein litt røffare stil, syns eg). Bikuben har mykje bra til ein grei pris... ja, lista kan i grunn verte uendeleg. De har faktisk hatt ein veldig bra scrappebutikk med Scrappegleder i Ålesund, men den vart lagt ned no i vår. Og tru meg - du blir hekta! :) Gler meg til å sjå kva du får til - kjekt at du linkar til meg, eg gjer det samme til deg.

    Ja, dette vart visst ei heil avhandling ;) God ettermiddag vidare til deg!

    SvarSlett
  7. Hadde såvidt kome meg innanfor dørstokken, då Ida kom trippane og kviskra: "Tanteeee, vil du sjå prinsesserommet miiiiitt???". Sjølvsagt ville tanta sjå rommet, og gjett om prinsessa var kry!!
    Veldig fint. Og gardinene var heilt nydelege!

    SvarSlett
  8. Ikkje verst å få gardiner til to stk vindauge til kr. 100,- totalt! Kan finne det meste på Jysk! Tenke det verte prinsesserom i Strandgata også....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!