Prosjekt nr. 1 (nesten) ferdig!
Då var vi endeleg nesten i mål med Ida sitt flunkande nye "skulejente"-rom! Gardinene sydde eg i ein fei i går, men her må det leggast til at det for all del ikkje er snakk om verken prydsaum eller komplett nøyaktigheit! Eg er ingen kløpper til å sy, og har nesten berre symaskin-sertifikatet frå barneskulen på skrytelista mi. Sjøl om maskina mi er særs god å sy med, var ikkje akkurat stoffet så lett å sy (mamma hadde advart meg mot det, men kven let vel slike bagatellar stå i vegen når stoffet var så nydeleg???), men eg kom meg i mål - sjølv om det kanskje vart litt skeivt her og der. Prinsessa mi vart i allefall strålande fornøgd, noko fotoserien under stadfestar. Velkomen med på ein liten rundtur!
Så fint det ser ut til å ha blitt!!! Eit skikkleg skulejenterom - heilt sikkert :o)
SvarSlettEg syns også at slike tregolv verkleg har sin sjarm, og eg trur det vert å male golvet på loftet her lyst framfor å legge noko oppå, sjølv om det heilt sikkert vil sprekke både her og der. Men det blir ikkje heilt endå - det får bli prosjekt neste år her i huset.
Å, så nydelig rommet til Ida ble! Det må være kjekt å legge seg ned der og sove... husker når pappa tapetserte mitt rom da jeg var sju år... Men det ble ikke såååå fint. Stilen var ikke sånn den gangen.
SvarSlettHjelp, det er faktisk 47 år siden ...
God natt!
Blei kjempefint!
SvarSlettMå ikkje legge noko oppå tregolvet! Om de malar oppatt ein gong så legg akrylmasse i sprekkene, den er tøyeleg og fylgjer bevegelsane i golvet :-)
Jenterommet blei kjempe koseleg. Tuva har også ein slik vegglampe. Blir så koselig lys av den.
SvarSlettI dag traff eg Marit(Miamor) På fru svensen cafèen i ørsta, og det var så koselig!!Artig at ho skulle hit til Ørsta :)
I dag har det virkelig vore eit ruskevær, nå gleda vi oss til å dra av gårde på ferie. Vi reiser torsdag til skjåk, der står vogna vår. Så overnatta vi der til fredag og reiser vidare til Lillehammer. Skal innom Hunderfossen og kansje lilleputthammer.
Blir kjekt for ungane og deilig med tur for oss voksen også. Håpar på finevær.
Kos deg vidare du også:)
Klem
Hei-Hei! For en koselig blogg du har! Og jenterommet ble kjempe fint! Tenker Ida er stolt!Pulten var utrolig søt:) Tusen takk for koselig kommentar hos meg, legger deg til på listen min:)Håper du får tak i photoshop en dag..utrolig mye kjekt man kan gjøre der.. Mye å lære,men gøy:)
SvarSlettHa en kjempe fin dag:)
Klem*
Hei, og takk for kosleg kommentar hjå meg! Kjempefin blogg du har her, og aldeles nydelege ungar! Dette rommet var òg knallfint - heilt perfekt for ei passe stor prinsesse :)
SvarSlettNår det gjeld scrapping er det jo utruleg mange butikkar å velge mellom! Om du ser på sida mi ligg det linkar til m.a. papirgleder (kjempefin nettbutikk, og med veldig bra forum og galleri til inspirasjon), TreL (mange like ting som hjå papirgleder, men med ein litt røffare stil, syns eg). Bikuben har mykje bra til ein grei pris... ja, lista kan i grunn verte uendeleg. De har faktisk hatt ein veldig bra scrappebutikk med Scrappegleder i Ålesund, men den vart lagt ned no i vår. Og tru meg - du blir hekta! :) Gler meg til å sjå kva du får til - kjekt at du linkar til meg, eg gjer det samme til deg.
Ja, dette vart visst ei heil avhandling ;) God ettermiddag vidare til deg!
Hadde såvidt kome meg innanfor dørstokken, då Ida kom trippane og kviskra: "Tanteeee, vil du sjå prinsesserommet miiiiitt???". Sjølvsagt ville tanta sjå rommet, og gjett om prinsessa var kry!!
SvarSlettVeldig fint. Og gardinene var heilt nydelege!
Ikkje verst å få gardiner til to stk vindauge til kr. 100,- totalt! Kan finne det meste på Jysk! Tenke det verte prinsesserom i Strandgata også....
SvarSlett