søndag 27. juli 2008

...om SAL og godt SAMVIT...


Eg er så i kle som er annleis. Kle som har ei meining og som kan vere med på å gjere verda til ein betre stad for fleire enn berre oss sjølve.


Phister & Philina har slike kle. Dei er med på å drive ein barneheim for jenter i Arni, Sør-India. Her får fattige og foreldrelause jenter eit nytt liv, ein heim, ei ny familie og ikkje minst: utdanning.


Når ein kjøper desse kleda, får ein vere med på å oppdra og utdanne desse jentene. Det gir ei god kjensle og godt samvit. Denne gongen var eg heldig og fann kleda på sal, altså vart det litt meir i posen enn fyrst tenkt...

Ida sette i allefall stor pris på dei nye kleda! Det gjorde mora òg...

Så vakre fargar, så nydeleg snitt, så god kvalitet.

Så mange detaljar og artige påfunn!
Sina ville vere med på fotoseansen ho òg, og kraup opp på Ida sitt fang. Fin kjole ho òg!

3 kommentarer:

  1. ÅÅ så fine klede.
    Er det ein nettbutikk eller?

    SvarSlett
  2. Eg syns ikkje det er mange innlegga sidan du lurte på om du passerte 4000, og no var eg besøkande 4500. Gratulerer med mykje besøk på bloggen!!

    Klena var veldig fine! Lurer som "kvardagsgløtt" - Er det nettbutikk?

    SvarSlett
  3. Så artig då! Då må eg ta meg ein tur innom å sjå etter nevøgåve forstår eg. Har komt ein del nye butikkar på Blåhuset no, men eg heng ikkje heilt med, eg endar som regel opp på Amfi i staden merkar eg... Takk for tipset!

    Har hatt ei fin-fin helg ja, lite blogging, mykje utetid. Håper dokke også har kost dokke i helga =)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!