tirsdag 8. juli 2008

BRYLLAUPSDAG!!!




I dag feirar eg og min kjære Terje 8-års bryllaupsdag! Åtte flotte år som ektefolk - ikkje verst! Det skal visst vere bronsebryllaup når ein rundar åtte år, kanskje eg må finne min kjære ein liten bronseskatt på dagen?




Det verkar ikkje som det er åtte år sidan. Tida går så fort. Men når eg tenkjer på alt vi lagt av innhald i desse åtte åra, så er ikkje det reint lite. Måtte vi få fleire gode år og sjå attende på! Måtte fleire få oppleve kor godt det er å gå i tospann med ein som gjer livet rikare!



"Kjærligheten er dyp som havet. Jo mer den gir, jo mer har den i behold."
William Shakespeare

5 kommentarer:

  1. Hei!
    Gratulerer så mye med 8 års-bryllupsdag! Tusen takk for koselig mail i dag! Kjempekjekt med hyggelige tilbakemeldinger.
    Har kikket litt på de tidligere innleggene dine og må bare få si at naturen hos dere er fantastisk! Håper du får en strålende sommer! Mvh. Mona

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mykje med bryllaupsdagen! Tusen takk for kjekk kommentar på bloggen min. Eg har svart deg i bloggen.

    Ei artig sak du har fått på sida di - den live traffic feed. Kanskje eg må studere litt kva det er for noko!

    Klem, Annika!

    SvarSlett
  3. Hei!!
    Gratulerer med overstått bryllupsdag!!

    Og jammen er du flink å legge inn nye innlegg må eg sei!! Eg er ikkje innom kvar dag, for det har eg desverre ikkje tida til lenger...men kvar gong eg er innom har du lagt inn masse nytt og masse flotte bilder. Du er jammen flink, men har man tid så er det utrolig kjekt å blogge.
    Håpa det verte betre tid hos meg etterkvart. Savna veldig å ha tida til å besøke andre blogger, det er koselig:)

    Så var det en ting til...Har prøvd å åpne oppskrifta du sendte men det får eg ikkje til desverre... Det er nok pga eg ikkje har samme skriveprogramm på maskina mi..
    Har du anledning til å sende meg den igjen bare som vanlig mail?
    Er så spennt å få prøve ei ny oppskrift. Men ingen hast, for det vert ikkje nå med det første.
    Ha en riktig god dag Tove!!
    Klem

    SvarSlett
  4. ...oj, oj, oj. Gratulerer så mykje med overstått bryllaupsdag, kjære syster!!! Heretter skal 8. juli nøye huskast på! :)

    SvarSlett
  5. Hei igjen!!
    Huff ikkje kjekt at lille Sina er blitt sjuk. Håpar ho kjem seg fort att.

    Eg kjem frå Reykjavik, hovedstaden:)

    Nå bankar haudet, har klart å få meg hodepine...så nå legg eg meg på sofan att med Tryggve som allerede sover søtt der :)
    Ha en fin dag vidare, og god betring til lille Sina
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!