tirsdag 8. juli 2008

Skal tru kven du er, min venn???

Eg er kanskje av den litt nyfikne slaget. Ikkje det slaget som er glad i sladder, som supar inn meir eller mindre ondsinna rykter om andre og spreier rykta vidare. Det eg får med meg av slike "nyhende" har det med å gå inn eine øyra og ut den andre. Eg er vel av det slaget som er genuint interessert i andre menneske, og som lurer på kva som rører seg i liva deira.

Det er denne nyfikna som får meg til å lure på kven som er inne og kikar på sida mi. Siste tida har eg surfa ein del på andre sine bloggar utan å legge att spor etter meg. Så har eg tenkt litt. Dei som lagar desse flotte bloggane har brukt mykje av både tid og energi for å lage innlegg, ta bileter og pynte bloggsidene sine. Fortener dei ikkje då å få vite kven som er inne og kikar? No har eg byrja med å legge att spor etter meg, og kva har det resultert i? Jau, mange nye bloggvener!


Eg blir så glad kvar gong eg er innom bloggen min og ser at nokon har lagt inn ein kommentar til meg! Ein del av innlegga min har eg brukt lang tid på å tenkje ut. Eg er så glad i å skrive, og alle veit at skriving er ein prosess; det kan ta si tid før ein tanke kjem på papiret - den må bearbeidast, omskrivast, flikkast på og rettast på - så er den klar til å bli publisert på bloggen. Då er det så kjekt at nokon legg att spor etter seg og seier at dei likar det eg skriv.


Misforstå meg rett: eg sutrar ikkje! Eg veit at mange er inne og les bloggen min, og det er eg svært takksam for! Mange har sagt at dei ikkje har forstått korleis dei skal legge inn ein kommentar, og nokre forstår det, men får det ikkje til. Du treng ikkje om å vere bloggar sjølv for å legge inn kommentar. Då nyttar du berre anonym-rubrikken og så skriv du namnet ditt til slutt i innlegget, slik at eg veit kven du er.


Det hadde vore så kjekt å utvide bloggar-kretsen min litt, noko av det kjekkaste eg veit er å lese andre sine bloggar! Det er så utruleg mange flinke bloggarar der ute, og eg vil gjerne bli kjend med deg!


Vil berre få lov til å takke alle mine nye blogg-vener, både i aust og vest, nord og sør! Eg er innom dei fleste stort sett kvar dag, og nyt å lese innlegga dykkar og sjå alle dei vakre bileta!


Reint avslutningsvis vil eg dele eit ordtak med deg, for å rettferdiggjere nyfikna mi..... :)


"Nysgjerrigheten er et av de varigste og sikreste tegn på en levende intelligens." - Samuel Johnson -


YNSKJER ALLE MINE MED-BLOGGARAR OG LESARAR AV BLOGGEN EIN NYDELEG DAG!

3 kommentarer:

  1. Som eg skulle tenkt det sjølv! Berre mykje bedre formulert!

    Herlege bilder også i dag på bloggen din. Den er rett og slett ei fryd å lese og sjå på!

    SvarSlett
  2. Kjære Tovemor. Som du sikkert veit e ej en av dei mest trufaste innom sida di. Ej nyte alle innlegge dine! So flott formuler, so og so gjennomtenkt alt! Å lese bloggane dine gir mej ny giv og inspirasjon til min eigen kvardag. Ikkje minst e alle dei flotte bilda dine med på å sette prikken over i'en på innlegga dine. So fe me sjå om det verte bloggar ta mej også etterkvart:) Kanskje du kan ta et lynkurs med mej???Gratulerer med bryllaupsdagen til dej og Terje:) Stor bloggkommentarklem frå Maria;)

    SvarSlett
  3. Hei Tove.
    Så trivelig av deg å stikke innom bloggen min og legge i gjen en kommentar. Artig at du vil linke meg til din blogg. Jeg vil også gjerne få linke deg til. Bloggen din er så godt skrevet og utstråler en lun og fin varme. Det er vel det jeg liker best med bloggverden; hvordan folk viser at hverdagene inneholder så mye fint og verdifult som vi tar for gitt eller overser i travelheten.

    Jeg syr vesker ja, og selger gjerne hvis noen vil ha en, men stort sett så blir de gitt vekk til fine mennesker som jeg er veldig glad i. -som Dagny:-)
    Jeg legger ut bilder av dem på bloggen min, så ser du en du liker får du bare sende meg noen ord så skal det nok bli veske på deg:-)
    Ha en fin sommer!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!