lørdag 3. mai 2008

Åh natt, med di glede!

Eg skulle ynskje dette var ei søt historie om god natts søvn og endelause draumar. Det er det altså ikkje. Det er heller ikkje ei historie om utkvilte foreldre, som blide og fornøgde kan sette seg til frukostbordet med smil om munnen fordi dei håpefulle har sove heile natta. Dette er ei historie om terror. Ei historie om to vakne ungar, ein umogleg hund, ei høglydt ugle, eit fugleorkester, Harry Hole og ein mann med godt sovehjarte.

Det heile tok til litt over klokka eitt i natt. Stuptrøytt hoppa eg til køys og kjende straks at søvnen tok meg. Berre for ei lita stund. Berre som ein vond oppeggelse. Berre for å tirge. Rambo, vår kjære hund, heldt eit himla leven i gangen og klarte å vekke Ida. Ida ropte på vatn. Ein snill pappa stod opp for å servere vatn, noko som førte til at Sina vakna. Sina såg ingen grunn til å legge seg att, i allefall ikkje før ho hadde fått same service som Ida. Etter ein pupp og litt kos la eg meg under dyna, så lydlaust at eg kanskje kunne kome i Guiness Rekordbok for det. Utan å puste lytta eg etter lydar. Alt var stille. Berre eit lite klikk frå nattlampen, og lyset var sløkt. Då skar det gjennom lufta, eit hjarteskjærande hyl frå ei ugle. Ho har plaga oss ofte nok til at vi veit at det ikkje vert stille med det fyrste. Irritert og overtrøytt var det berre ein ting å gjere; her måtte Harry Hole til. Eit nytt klikk frå nattlampen, og eg kunne starte jakta på ein massemordar i Australia. Fire sider ut i boka måtte eg berre legge den ifrå meg. Ugla hadde fått selskap av alle skogens fuglar, og det gigantiske orkesteret gjorde det uråd å konsentrere seg om intrikate obduksjonsdetaljar, slagsmål og Harry Hole sine drapsteoriar. Då gjekk det i døra igjen. Ei bestyrta Ida kunne med stor innleving skildre alle Rambo sine forsøk på å plaga henne. Tre par hender og føter slåss om plassen i dobbelsenga. Og ein hund. Og ei lita, stuptrøytt frøken som ikkje ville ha pupp likevel, fordi tennene plaga henne. Ugla og fuglane hadde fått eit nytt medlem i orkesteret. Sina fekk solonummeret, og hylte både vel og lenge.

Klokka hadde bikka tre. Framleis ingen søvn. Framleis trangt om plassen. Men far i huset sov. Det var forbaska kor godt han sov. Klokka fire tok eg eit siste overblikk over innhaldet i dobbelsenga. Med unntak av Johan, som overnatta med bestemor, hadde eg heile verda mi samla her. Alt eg bryr meg om, alt eg ofrar meg for. Med stor varsemd fekk eg plassert jentene i sine eigne senger, lurt Rambo ut i korga si og lagt Harry Hole under haudeputa. Orkesteret i skogen hadde funne seg ein annan stad å halde konsert, underhaldninga var ferdig for i natt.

Eit siste klikk frå lampen og nok eit lydlaust "krype under dyna"-nummer. Til slutt sovna eg, vel vitande om at det berre var få timar til senga endå ein gong skulle fyllast av hender og føter, fulle av liv og lyst. Eg gledde meg allereie....

1 kommentar:

  1. Du er utruleg flink å skrive, Tove! Levande skildringar som ein (veldig) lett kan kjenne heilt inn på kroppen :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!