søndag 25. mai 2008

Fri fantasi og feriemodus!

Det er berre litt meir enn to veker til vi skal til syden, så det er vel ikkje rart at vi er i feriemodus. Dersom du ser på biletet under, brukar fantasien og legg godviljen til, så kan det nesten sjå ut som om vi har vore på ei strand på ei lita gresk øy. Men den gang ei.... For tida er dette den beste staden for rekreasjon og soltilbeding. Det får så vere at det er midt i ei steinrøys, no reiser vi snart til varmare strok, og så kan hende det vert altan eller plen når vi kjem heim.Uansett, ungane storkosar seg i steinrøysa og synest det var kjekt å leite fram solstolane.
Om ikkje lenge skal Ida og Johan få kose seg i solstolar under Tyrkia si heite sol - JIPPI!

1 kommentar:

  1. Tøffe solstolar!!! Bildet kunne like gjerne vore frå ei strand på Lanzarote:) Tyrkia blir garantert bra. Alltid varmt og godt. God tur!! Satse på felles ferietur etterkvart?

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!