søndag 6. april 2008

Når liten vil bli stor...


Det er ikkje noko nytt at ungar gjerne vil vere som oss vaksne, og ofte prisar vi alle deira forsøk på å vere litt større enn dei er. Vi briskar oss og kjenner stoltheita spreie seg i kropp og sjel når andre omtalar ungane våre som store for alderen, forstandige, veslevaksne og "mykje føre seg". Men ein plass går grensa! Då sonen min kom ut frå badet med barberskum i heile andletet, kjende eg verken svulmande stoltheit eller morskap. Det er sjølvsagt alt for tidleg for ein liten kar å barbere seg, men på barne-TV hadde dei sagt at skjegget kjem fortare dersom ein startar tidleg med barbering. Ikkje alt barne-TV er bra barne-TV, noko barberingskommentaren stadfestar..... Det vart heldigvis med denne eine gongen, så skjeggstubbane let nok vente på seg ei stund til. Heldigvis for det.


........OG VAKSEN IKKJE NØDVENDIGVIS BLI VAKSNARE!

Medan sonen barberar seg for å få skjegg, er mora meir oppteken av å stanse alle former for rynker og andre synlege teikn på at ein vert eldre. Det er ikkje reint lite ein etterkvart fyller baderomshylla med.

Fredagskvelden hadde eg huset fullt av damer som skulle vere med på eit Mary Kay-"hudpleiekurs", halde av mi gode venninne Maj Britt. Det høyrest nok litt finare ut med hudpleiekurs enn party, og når ein i tillegg lokkar med heimelaga foccacia kunne ikkje damene la vere å kome! Vi benka oss rundt spisebordet og vart både rensa, skrubba, kremerte og sminka. Det var ei partyoppleving utanom det vanlege og damene visste å nyte kvart eit minutt! Produkta fekk oss til å føle oss både yngre og fjongare, så det vart ein del handel før kvelden var omme. Til sjuande og sist er vel kanskje velværet viktigare enn at produktet inneheld alle slags vitaminar og velgjerande stoff, og at varedeklarasjonen kan dokumentere foryngande effekt. Dersom ein er opptekne av å ha det godt med seg sjølv og dei andre rundt seg, så trur eg det er livgivande og vitaliserande i seg sjølv. Men dersom produkt av ymse slag kan bidra til auka velvære - så gjerne for meg!

1 kommentar:

  1. E berre et poff og en smell so e han konfirmant... Trur forresten ej hive mej med på neste beauty-party :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!