søndag 30. mars 2008

Stakkars, vesle bøtteknotten min...


Sina har vore sjuk. Ei heil veke til ende har vi kava med sykje av ymse slag. For ei pine, for ei bekymring! Når ungane mine er sjuke er det som om verda sluttar å rotere, tida stoppar opp og det einaste som er viktig er det som foregår innanfor huset sine fire veggar. Eg har sove lite om natta, hatt dårleg matlyst og ikkje orka å bry meg med så mykje. Det kjennest ut som om eg har sprunge 3000 meter mange gongar for dag, kvar dag heile veka. Eg er utslitt og andpusten. Huset skulle ha vore rydda, kleshaugen veks og middag har det vore så som så med. Det spelar lita rolle. Mitt fulle fokus er på Sina.

Ein klok mann eg kjenner sa til meg ein gong at eit liv med ungar, er eit liv fullt av "attelet" (bekymring). Eg forstår godt kva han meiner. Det er nok slik det er. Og det er nok slik det skal vere. Vi vernar om ungane våre til det siste. Vi gjer alt for at dei skal ha det bra. No høyrer eg på baby callen at puslingen min er vaken. Atter ein gong stoppar alt i huset opp og velse Sina får all mi merksemd og all mi tid. Gullet mitt.....

3 kommentarer:

  1. Ikkje kjekt når borna er sjuke, nei. Josefine har vore heime frå skulen to dagar no etter ho vart smitta av omgangssjuke. Vi har vaska hender, dørhåndtak, klede, sengeklede og stått på, så det ser ut som om vi har klart å unngå smitte vi andre. Får håpe det varer..... :-)

    SvarSlett
  2. SECURITY CENTER: See Please Here

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!