fredag 14. mars 2008

Kreativitet er rota til alt godt!

For nokre dagar sidan fekk Johan klar beskjed om å leite fram ransel og lekser med ein gong vi hadde ete middag. Det var sol frå blå himmel ute, så her var det om å gjere å verte fort ferdig med plikter så ein kunne kome seg ut. Kjøkkenbordet måtte sjølvsagt ryddast før det kunne omgjerast til leksepult, og den vesle pausa visste Johan å nytte til fulle! Brått var han ikkje å finne. Eg leitte huset rundt, før eg til slutt høyrde bankelydar ute i tunet. Då eg kom meg ut for å sjå kva han hadde funne på,

















var karen å finne på toppen av fjøstaket! Han hadde snikra ein stige, og den brukte han til å kome seg opp på taket.

Det må seiast at det ikkje var det høgaste fjøstaket han klatra på, og at spranget mellom tak og fast grunn ikkje var for stort. Då eg kom ilande til, drog han opp stigen og gliste triumferande. Jada, han hadde lurt seg unna leksene -men stigen var utvikla med så stor ingeniørkunst at eg ikkje kunne seie noko på det. Han hadde målt ut nøyaktig kor langt det skulle vere mellom kvart trinn, funne ut nøyaktig kor mange spikrar han trengde, høvla til slik at alle mål vart rette og deretter snikra det heile ihòp. Eg måtte gi meg ende over og skryte av prosjektet. Kan hende var ikkje stigen av dei mest solide, men den var til god nytte for Johan.

Det er viktig at ungar får rom til å vere kreative. Vi må ikkje vere så redde for at dei kan skade seg med kniv, sag, øks og hammar. Her i garden er slike verkty tilgjengeleg for ungane til ei kvar tid. Det er vel ungar som aldri får prøve seg med "skumle" reiskapar som skadar seg mest. Vi har hatt vår del med småsår og rifter, men aldri noko alvorleg. Når ungar fritt får bruke verkty, får dei kjennskap til korleis dei fungerer og kunnskap om korleis dei skal brukast for ikkje å gjere skade.

Det vert garantert fleire snikkarprosjekt her i huset. Stigen som Johan laga skal plasserast på låven ilag med stigen som gamle-Johan på garden laga for meir enn 70 år sidan. Stigen ber preg av å vere laga av det ein hadde tilgjengeleg, men den er stødig og solid og har vore brukt mange gongar i moderne tid. Om Johan sin stige toler "tidens tann" like godt, skal eg ikkje ha sagt så mykje om. Det er heller ikkje så viktig. Viktigast her er viljen og kreativiteten til å lage noko ein har bruk for, slik generasjonar før oss var nøydde til å gjere for å utført nødvendige oppdrag.

Det var ein stolt kar som kom inn og gjorde lekser. Kanskje han ein dag forstår at det han må site inne og pugge vil vere til god hjelp når han som vaksen skal utvikle endå meir avanserte ingeniørkunstar. La oss ta vare på kreativiteten og gi ungane rom for utfalding - kun då kan vi få fram ein generasjon som skal vere med på å bygge landet vidare, og som får teknologi og forskning til å nå nye høgder!

3 kommentarer:

  1. Heisan,
    no har eg lese gjennom heile bloggen din. Eg tykkjer du skriv varmt, nært og godt.
    Eg fekk tips om denne bloggen nyleg frå mor mi som bur på Vallabøen. Mannen din held visst på med noko gravearbeid i elva attmed der eg budde for ein god del år sidan. Finn du ut kven eg er, tru?
    Eg har ein slags "blogg" eg òg, men med bilete:
    Dersom du framleis er litt nyfiken, kan du gå inn på www.flickr.com/photos/b_alnes
    Dette må då røpe kven eg er, skulle ein tru....

    SvarSlett
  2. Fann fort ut kven du var, ja! Kjekt at du likte bloggen min, er så kjekt å sitte slik og skrive. Sjekka sida di, og det er fantastiske bileter du har teke! Eg er heilt imponert! Er det i USA du held deg?

    SvarSlett
  3. Tøffingen!!! Diverse oppussing tek stad i Strandgata 64, og ein ekstra handverkar kan kome godt med:) Men det kostar vel flesk?? (Evt. ein pose smågodt?:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!