Av alle rare ting har vi ei leikarhytte på altanen. Den er rikt utstyrt med det ein til ei kvar tid treng for å late som ein er litt vaksen og skal klare seg sjølv. I det vårlege vèret har ungane ete middag der fleire gongar allereie, og då smakar den alltid ekstra godt!
Ida er nok ein liten kjøkkenskrivar, og har plukka opp eitt og anna triks frå mor si. Torsdag sette ho igong på eiga hand på altanen. Dersom mat kunne etast ute, kunne den vel også lagast ute!
- gras
-gamalt smågodt som ikkje lenger smakar godt
-løk plukka i eigen hage, som ein eigentleg ikkje kan ete (mistenkjer det for å vere påskeliljeblad...)
- sølevatn med oljesøl frå pappa sin traktor
- ellers det ein måtte finne på golvet i leikarhytta
Bland det heile, rør godt, kok opp og server!
Den hemmelege ingrediensen i denne oppskrifta er godteriet.
Dette må vel verte ein påskeklassikar i dei tusen heimar?
Frøkena var godt nøgd med resultatet, så denne får vi nok servert fleire gongar!
Kjære Ida.
SvarSlettVisste du at tanta di er tidlegare verdsmeister i å blande rare ingrediensar? (Eller indigrensar, som det den gong heitte). Eg brukte omtrent samme metode som du, og fann mine krydder blant mold og gras i stein og ur (nokre gongar i levande form...) Men også bestemors mjøl, bakepulver, gelatin og konditorfarge vart hyppig nytta.
Men "måltidet" skulle for all del ikkje etast umiddelbart! Det skulle lagrast så lenge som mulig, og helst under lokk utan tilførsel av oksygen. Når nyfikenheita etterkvart tok overhand litt seinare på året, og det var danna små mønster i "maten", og ikkje minst ein viss forråtnelsesprosess var i gang, då var det lov å åpne glaset. Ville onkel Frode prøvesmake var dagen redda og eg fekk meg ein god latter. Men som regel vart lokket skrudd på igjen med stor varsemd, slik at forråtnelsen kunne nå nye høgder. Spanande, spanande.
P.S: I glasskapet på gamlerommet mitt heime hjå bestemor og bestefar, finn du eit lite glas med noko flytande gult inni. Dette er saft frå 1990, og glaset har ikkje vore åpna sidan då. I safta flyt noko som liknar ein liten grønn sjøorm. Eg kan ikkje garantere akkurat kva dette er, men det er heilt klart eit resultat av saft som har vore lagra litt for lenge.
P.S.2: Onkel Frode kan lære deg å lage bakepulverbombe.
P.S.3: Safta skal lagrast i minst 20 år til. Då er du 25 år, og kan hjelpe meg å åpne. Kanskje Johan vil smake?? Heheh...
Fantastisk kommentar, den er nesten ein blogg i seg sjølv! Må tru småtrolla sat med store øyrer då eg las kommentaren til dei. Vert nok fleire eksperiment og rare "indigrensar" heretter. Og kanskje ei og anna bakepulverbombe... Betre å lage bombe av bakepulver enn å ha det i kakao...!
SvarSlett