fredag 14. mars 2008

Ei betre syster kan ingen få!

Ida har fått vere heime frå barnehagen i fire dagar. Ein kunne kanskje tru at det vart travelt for mor og keisamt for henne, men det stemmer ikkje! Vi har kosa oss ilag og innsett at ein diverre har for lite tid av dette slaget. Skulle ynskje at samfunnet var laga slik at det å vere heime med ungane både var sosialt akseptert og økonomisk mogleg. Slik er det altså ikkje, då gjeld det å nytte høvet når mor likevel er heime i svangerskaps-permisjon.

Noko av det kjekkast Ida veit er å få hjelpe til med "skikkelege babyting", som ho seier. Å få gi Sina flaske er absolutt det kjekkaste! Som stolt mor må eg berre seie at Ida er ei utruleg flott storesyster som er til stor hjelp. Det er nok likevel kjekkast for Sina, som ikkje manglar underhaldning eller hjelpande storesysterhender!





Kva er ei syster?

Ei syster ho er deg umåteleg kjær, ei glede det er å ha henne nær.
Ho er der når du treng ei hjelpande hand, ho knyt usynlege vennskapsband.
Ho er der og lyttar når du vil snakke, ho er der hvis noko går nedoverbakke.
Ein betre ven kan du ikkje få.

2 kommentarer:

  1. Ja, kva skulle ein vel gjort utan desse storesystrene...:)

    SvarSlett
  2. so gode dei e...og for et fantasisk fin dikt!!!
    Ei storesyster er godt å ha,men her heime er d storebroren:)

    Må berre skryte litt: du skriv fantastisk godt.

    god påske:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!