søndag 9. mars 2008

Hòl i himmelen!

Alle gode sunnmøringar veit at det kan regne ganske kraftig, ganske ofte og ganske lenge i vår del av landet. I vinter er det vel regn vi har hatt mest av, og vi har funne glede i kvar dag regnet har regna nedover og ikkje bortover eller oppover (jada, i kombinasjon med rette vinden er sistnevnte faktisk mogleg!). Borna har tre sett kvar med regnkle, og stølvar for ymse sortar regn. Eg kan nevne høgt skaft, lavt skaft, gummistoff, dykkardraktstoff, pyntestøvlar, og støvlar med tjukt fòr - i tilfelle slaps. Vi har etterkvart vorte gode på dette med regn, og kanskje også litt glade i det! Det er vel knappast noko som kjennest betre enn ein tur i regn når det ruskar og bles, så sant ein er godt kledde. Det er godt å kome raudkinna heim og vrenge av seg våte kle og sette seg framfor varmen med ei god bok og slappe av.

Ungane våre har vel stort sett vore forblåste, våte og raudkinna kvar dag eg har henta dei i barnehagen og på skulen siste halvåret. Sol har dei sett lite av! Kvar gong vi har sett vèrmeldinga har Ida konstantert at sol er noko dei har andre stadar i landet. Historia eg skal fortelje no fortel nettopp kor lite vi har sett av den deilige sola i det siste. Søndagane brukar vi å dekke middagsbordet på stova. Spisebordet står framfor glasa med panoramautsikt over land og strand, og her benka vi oss rundt - både store og små. Ungane hadde vore ute i ruskevèret og synest nok det var godt å kome inn til ferdig middag. Eg og Ida sat og såg rett ut, og vi slo fast at det såg ut til at skylaget kanskje kom til å rivne litt. Enn om vi fekk eit glimt av sol! Det var dørgande stille rundt bordet. Kotelettar, poteter og brokkoli gjekk ned på høgkant. Sjølv Sina var stille, oppteken som ho var med å blade i ei bok med pusekattar og grisungar. Med eitt vart stillheita broten av ei forskrekka Ida som høgt og tydeleg proklamerte: "MAMMA, DET ER HÒL I HIMMELEN!". Og sanneleg hadde ho rett! Gjennom eit tynt skylag skimta vi så vidt sola. Det såg meir ut som eit hòl enn ei sol, Ida hadde heilt rett! Det var eit vakkert skue, med den bleike sola og strålane som vart reflekterte i sjøen. Fire par nysgjerrige auge gløymde eit augneblink middagen, for når slike særhendingar inntreff må vi vie det all vår merksemd! Det høyrer også med til historia at Ida noko seinare lurte på om det var det same hòlet det regna gjennom. Då kunne storebroren med visdom i stemma fortelje at det var heilt feil! Så mykje som det regnar her, trengst det meir enn eit lite hòl for å sleppe ut alt vatnet! Så sant, så sant...

1 kommentar:

  1. Plutselig kom uttrykket "himmel og hav" endeleg til sin rett! Fantastisk bilde!!! Og herlig historie... :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!