søndag 9. mars 2008

Laurdagskveld med kylling på menyen!

Matrettar av kylling er noko av det som er kjekkast å lage og som smakar best. Det er eit utal ingrediensar som let seg kombinere med kylling, og resultatet blir stort sett bra uansett korleis miksar og blandar. I går laga eg STICKY CHICKEN, og inviterte syster mi og svogeren min på kvelds. Svogeren min, Bjørnar, hadde slava heile dagen og lagt fliser på badet deira, så eg tenkte han trengte ei pause med litt god mat! Han er jammen flink! Kven skulle tru at ein aksjemeklar i kvitskjorte og dress kunne vere slik ein grovsmed! Dei let i allefall vel av maten, om det var den uthola svolten som snakka skal eg ikkje ha sagt noko om...

Denne retten er USA-inspirert, og kan lagast med ulike ingrediensar. Men du ha med ein eller fleire ingrediensar som gir det klissete og søte sluttresultatet. Slik gjer du det:

Kjøp kylling i ulike bitar (lår, vinge, etc). Dette har dei i alle butikkar i ymse variantar. Nokre er krydra/marinerte frå før, dei brukar eg å legge i kaldevatn slik at krydderet vert vaska vekk. Det passar ikkje ilag med marinaden eg brukar. La gjerne kyllingbitane tine før du slår over marinaden. Til marinaden treng du søt chilisaus, søt soyasaus (helst Kecap Manis - EuroSpar har den), honning, litt salt, kyllingkrydder, raspa skal av to lime, saft av to lime, god olivenolje og litt sirup viss du vil ha det ekstra søtt (viss du har god og søt soyasaus er det ikkje nødv.). Bland alt dette og slå det over kyllingbitane. La det ligge slik i 1-2 timar, deretter steiker du det i ei langpanne på 200 grader i ca 1 time. Då er all krafta frå marinaden kokt inn, og ligg som eit klissete lag rundt kyllingen. Dersom du synest det er mykje marinade att i langpanna, så er det berre å steikje det litt til, gjerne på varmluft. Rasp over sitronskal før servering. Dette er mat som må etast med fingrane, og då er våtserviettar nesten obligatorisk på bordet!


Som tilbehør likar eg ovnssteikte potetbåtar, godt krydra og salta. Du treng eigentleg ikkje så mykje krydder, men pepar og salt er obligatorisk. I tillegg har eg eit krydder som er samansett spesielt for steikte potetrettar. Det er særs godt og kan absolutt anbefalast (i Ørsta får du kjøpt det på Stil og stemning, Fryd og Glasmagasinet). Potetbåtane må sjølvsagt vere steikt i EVOO (extra virgin oliven olje), og gjerne med timiankvastar på toppen! Potetene må steikast omtrent like lenge som kyllingen, noko som kan vere utfordrande med berre ein steikeovn (det er vel dei færraste som har to!). Men i går kveld brukte eg varmluft stort sett heile tid, og steikte kyllingen nederst og potetene øverst. Det gjekk heilt fint!


1 kommentar:

  1. Hahaha!! Kvitskjorta ste med haudet i dusjhjørnet og raua høgst og fullføre verket sitt, og lova det va'kje svolten, men hjartet, som uttala seg om kyllingen i går:)
    Nok ein kulinarisk opplevelse på Utsikten Gard!
    Fleire invitasjonar vert mottatt med stor takksemd. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!