søndag 9. mars 2008

Brått har verda vorte større!


Det er nokre veker sidan Sina klarte å knekke krypekoden. Med stor presisjon, godt tolmod og stort fokus forstod ho at diagonalgang gjorde susen og kunne forflytte henne dit ho måtte ynskje. Det er ein rimeleg stor overgang å gå frå å vere eit ålande menneske til eit krypande menneske, så vesle frøkena fann fort ut at her måtte ein skunde seg sakte. Men ho var flink å prøve litt kvar dag, og for nokre dagar sidan vart det fart i sakene!

No kryp ho over alle golv, i alle rom, finn alt ho ikkje bør finne (smular, smålego, hundemat m.m) og er synleg stolt over å meistre kunsten! Ho har erobra nytt territorium, lagt verda for sine føter og er klar for nye utfordringar. I går klarte ho også å setje seg opp for eiga maskin. Det var ei sann glede å fylgje med i den møysommelege prosessen! Ho stod i krypeposisjon, sette rompa ned i golvet og vrengde fyrst ein fot - så den andre, og VIPS hadde ho plutseleg vorte eit sitjande menneske òg! Eg har vore så forsiktig med denne sittinga. I motsetnad til mange andre har eg ikkje dandert opp ein vegg av puter rundt henne eller på andre måtar drive sitte-trening. Eg har meint at dette måtte kome naturleg og at ho kom til å sitje når ho var klar for det. Det fekk eg altså rett i!

Med alle desse nyerverva ferdigheitene har Sina si vesle, trygge verd med eitt vorte mykje større - og mykje farlegare. No må storesyskena vere påpasselege med kvar dei plasserar smålegoen sin, mor må passe på som ein hauk for å hindre knall og fall, og vi må nok flytte hundematen til ein meir eigna stad. Dører må latast att, trappa må sikrast og vi må til ei kvar tid fylgje med på kvar det vesle gullet befinn seg. Eit og anna kakk har det likevel vorte, og storesyskena har redda henne frå eit utal potensielle ulukker. Men det er vel slik denne perioden skal vere? Eg har innsett at vi ikkje kan idiotsikre huset vårt, og så har vi trass alt erfaring på området frå før. Då har vi innsett at ungar som har litt å bryne seg på og som får overkomelege hindringar å forsere, vert sunne og sterke born som tek utfordringar på strak arm. Det er ikkje anna å gjere enn å ønske Sina velkomen inn i denne delen av verda - vi gler oss allereie til neste etappe!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!