mandag 13. august 2012

Om eg kunne blande fargar...

...så hadde eg blanda dei akkurat slik naturen gjer det! Det er fantastisk når ein berre tek seg tid til å studere alt det vakre vi omgir oss med! På laurdag var vi i fjøra og laga middag og der fann eg sjølvsagt mange flotte døme på fargar som eg meir enn gjerne skulle hatt i huset mitt! Vi er i påbyggings- og planleggingsmodus, så fargar er noko eg tenkjer mykje på!

k a r a f f e l   o g    d r i v v e d

Det er kanskje ikkje så vanleg å ha med glaskaraffel i fjøra, men kan avsløre at det vart eit aldri så lite filmopptak denne dagen, så då måtte eg ha med litt ekstra tilbehør! Men sjå for nokre vakre fargar! 

e g g   p å   f j ø l   a v   d r i v v e d

Desse egga brukte eg då eg laga "Bjørnekake" (det kjem oppskrift på den etterkvart). Dei kvite egga ser ut som om dei er meint for denne fjøla! Likar så godt den matte, kvite fargen mot den grå og røffe fjøla!

k  v  i  s  t

Ein tømmerstokk had drive i land. Skal tru kor lenge den har rulle i bårene og kor mange stadar den har vore skylt i land? No ligg den i fjøra vår i all sin prakt - om ein berre kikar godt nok etter! Nok ein gong gråfargar som appellerer til meg!

f  j  ø  r  e b  l  o  m

Fjøreblomane klamrar seg fast mellom steinane. Mang ei båre har vaska dei og vindar har rive i dei. Men dei let seg ikkje merke av omskiftande vèr og røffe tilstandar. Må seie at eg er svak for det kvite, det grå og det støvete, forsiktige grøne. 

Kanskje klarer eg å finne rette fargane hos ein fargehandlar, slik at eg kan ta med meg naturen inn! 

Kva er dine favorittfargar til interiør?




fredag 10. august 2012

Videopremiere!

Det er jammen meg mykje rart ein driv med på fritida! Eldstemann meiner eg treng å lære meg korleis eg lagar film (noko han forøvrig er råflink til), og filma med iPhonen min medan eg laga kanelsnurrar "the Schakenda way". Så var det berre å sette seg til med iMovie og leike seg!

Resultatet kan du sjå i videosnutten under! PS! Eg må berre åtvare mot at dette er amatørmessige greier og eg skal på ingen måte late som om det er noko meir enn det!

Kanskje kan du glede nokon med heimelaga kanelsnurrar i morgon? Om du vil ha ei enkel og god oppskrift på kanelsnurrar, finn du det på matbloggen min, klikk her. 

Riktig god laurdag til alle som kikar innom! 
PS! Dobbelklikk på videoen for å sjå den på full skjerm!


tirsdag 7. august 2012

Instamorning

Vi rusla til barnehagen i dag; eg, Sina og bofsen. Å få gå slik, langs ein grusveg - hand i hand, er ubetalelege øyeblikk. Småprat om dei store mysteria i livet, høyre lydar i skogen som omkransar oss, sjå på blomar og plukke ville bringebær. 

Det er ikkje alle forunt å kunne traske på grusveg, gjenom skog og bratte bakkar for å kome til barnehagen! Vi er jammen meg heldige...

Eg har vorte så glad i Instagram! Så enkelt å ta opp telefonen, ta eit bilete, redigere det kjapt og legge det ut på verdsveven! Følg meg gjerne, du finn meg som tovehd. 

Håper du har ein fin dag der du er! 

søndag 5. august 2012

Søt, saftig og syndig...

I dag er dagen for kake. Søt, saftig og syndig kake. Denne kaka er alle sin favoritt her i huset. Ungane kan ikkje forstå at det går an å lage så god kake - men det gjer det altså!


Kaka er laga til mamma og pappa. Dei feirar nemleg 40-års bryllaupsdag i dag! Som dei fjellfararane dei er, sit dei antakeleg på eit fjell i Geirangerområdet akkurat no, men når dei kjem heim skal dei få kake. Full av gode ingrediensar, akkurat som eit langt ekteskap! 

Er du glad i sjokoladekake? Då skal du prøve denne. Nigella Lawson er dama bak denne kaka. Den er enkel å lage og vil heilt klart vere ein favoritt på kakebordet - uansett anledning! 

Oppskrifta og fleire bilete finn du på matbloggen min; "På kjøkkenbenken". Klikk her for å kome dit.

PS! Kvardagstankane min er på Instagram! Følg meg gjerne der! Du finn meg som tovehd !




fredag 3. august 2012

...og sa at du elska meg der...


- Kjerstin Aune -

Vi er nesten ferdige å restaurere den gamle låven på garden. Flinke far min har gjort det meste av arbeidet. Han har gjort ein fantastisk jobb! 

Ein må berre verte glad av ein låve måla i solskinsfargar! Vi har gjort det akkurat slik det var før. Alle fargane er så nær dei originale som det var råd å kome. 

No får gamle vindskeier få kvile. Vèrslitte veggar er rivne og er erstatta av ny bordkledning. Muren er pussa og delvis fått ny maling. Det blir så fint....

Er det rart ein blir glad av å bu på ein slik stad? Midt blant strå og blomar går vi, glade og takksame for kvarandre og for at vi er så heldige som bur der vi bur! Eg skal aldri flytte. Eg skal alltid vere her. Med alle dei eg er glad i rundt meg. Vi skal verte gamle her, eg og husbonden. 

...og seie at vi elskar kvarandre her...

PS! Fleire bilete av låven og det pågåande arbeidet kjem snart!


torsdag 2. august 2012

Solbærdraum ♥

Det er rart kor mange minner som dukkar opp når det er sommar og ferietid. Kanskje er det fordi ein har god tid til å tenkje, eller at mange av minna våre er frå dagar med sommar då vi var små. 

Når bærbuskene bugnar kjem mine barndomsminne strøymande, for mange av minna handlar om mat og matauk. Og veldig ofte er dei fire besteforeldra mine heilt sentrale i desse minna. Eg hugsar bærplukking, fisketurar, grønsaksåkrar, sur rabarbra, slakting, sylting og safting. Om eg let att augene kan eg framleis kjenne den gode lukta av mormor si solbærsaft... Dei gamle, litt krokete fingrane som med stor uthaldenheit plukka reine solbærtrea og laga verdens beste saft!
Ingen laga saft som mormor. Det var fest kvar gong vi fekk denne kalde, herlege tørstedrikken i glaset. Eller varm, tjukk solbærsaft i ei krus om ho høyrde at ei forkjøling var på veg. I dag veit vi så mykje om antioksidantar. Mormor visste ikkje kva det var, men ho visste at solbærsaft var medisin når kroppen gjekk på lavgir og ein kjende seg litt uggen. 
No har eg laga solbærsaft. Eg trur mormor hadde vore nøgd med den, for den vart veldig god! Har du lyst på god, heimelaga solbærsaft? Dersom du ikkje har solbærbusker i hagen, kan du alltids kike inn i hagen til naboen! Spør om du kan få plukke litt bær og så kan den kjekke naboen få ei fin flaske med heimelaga saft som takk! 

Dersom du vil lage saft finn du ei svært enkel oppskrift på matbloggen min, "På kjøkkenbenken" (klikk her). 

Lukke til!


mandag 30. juli 2012

Frøken blomsterglede

Veslejenta mi er så glad i blomar. Ho kan stulle og stelle, luke, vatne og plukke. Av og til pyntar ho med dei inne, andre gongar er det borda ute eller i leikarhytta.
For nokre dagar sidan var det hortensiaen min ho gjekk laus på. Først plukka ho vekk gamle og visne blomar. Men så fekk ho så lyst å plukke meir... Ho henta fine fat i leikarhytta og pynta med den knall rosa blomar frå hortensiaen. Så kom ho og pynta bordet der eg og storesyster sat. 
Det er så kjekt å sjå at ungane har glede av blomar. På grunn av ei nært foreståande ombygging og påbygging av både hus og uteplass, så har eg ikkje så mykje hageplanter og blomar i år. Men dei vi har er jentene så flinke å passe. 
Kan hende vert eg meir påpasseleg og redd for plantene mine når eg får meg "ekte" og fin hage, men enn så lenge så får minste frøken snupp lov å leike litt gartnar. 


Flowers don't worry about how the're going to bloom.  They just open up and turn toward the light and that makes them beautiful.  

* Jim Carrey *

lørdag 28. juli 2012

Sommarlukke med jordbærsmak!


Eg sat på mormor sin benk og kjende alle dei gode luktene på kjøkkenet. Ein kunne framleis lukte kva mormor hadde servert til middag, og den gode lukta av heimelaga brunsaus og kjøtkaker med ingefær og muskat, blanda seg med lukta av bær. Nyplukka jordbær. Eg hugsar ikkje om morfar hadde plukka dei i eigen hage eller fått tak i dei på anna vis, men dei fylte fleire plastbaljar og var sjølve symbolet på sommarlukke for ei jente på fem år. Eg skulle hjelpe mormor å lage sylte. Den sylta eg likte aller, aller best; rørt jordbærsylte som alltid smakte sommar og sol.



Mormor sett fram nokre ingrediensar på benken. «No skal du sjå kor enkelt det er», sa mormor. Ho leitte fram sukker og Certo. Det var alt ho trengte sa ho. Var det verkeleg så lett å skape sommarlukke? Eg fekk meg ein liten kniv og skar vekk dei grøne stilkane og blada. Heilt forsiktig, slik at vi ikkje sløsa med bæra go skar vekk for mykje. Det var noko høgtideleg over denne stunda. Det kribla i magen. Vi heldt på å skape lukke, og eg fekk vere med!
Så vart sukker blanda med Certo og strødd over bæra. Eg fekk ein stor gaffel med lange tindar. Slik gaffel som morfar likte å ete middag med. Eg fekk mi eiga skål med bær. Eg jobba iherdig med bæra og sukkeret og Certoen. Mosa bæra slik at den varmt jamn og fin. Etterpå blanda eg det med mormor si bær. Og så var sylta ferdig sa ho. Så fort? Tenk at lukka kunne kome snikande inn på eit mormorkjøkken så fort. Og eg hadde vore med og skapt den! Sylta vart fordelt på glas og tome plastbokser, og så rett i frysaren. Og så hadde mormor sommarlukke heile året….
No skal denne sommarlukka formidlast vidare til mine born. Jentene fekk vere med på både reinskinga og mosinga. Eg laga av 8 kilo bær, så det vart mykje å reinske. Dei fire fyrste kilo ordna eg med sjølv, og dei fire neste var det jentene som ordna med. Eg kunne sjå på augene til minste frøken snupp at ho syntest dette var like magisk som meg sjølv då eg var på den alderen. 
Så når vinteren kjem og ungane kjem inn etter vill leik i snøen, kan dei kle av seg, varme seg framfor omnen og kose seg med brødskive med sommarlukke på! 

Det er kjempeenkelt å lage rørt jordbærsylte. Om du vil bruke oppskrifta mi finn du den på matbloggen min; "På kjøkkenbenken". Klikk på denne lenkja så kjem du dit! 



torsdag 26. juli 2012

På frukostbordet...

Når ikkje sommaren kjem, må vi likevel gjere det beste ut av kvar dag! I dag åt eg og minste frøken snupp frukost åleine. Papsen var på jobb og storeungane var på overnatting med bestemor og bestefar. Ho hadde på seg sommarkjole og var litt lei seg for at det ikkje vart sommar i dag heller. Men så fann vi ut at vi rett og slett kunne pynte med litt blomster, så blir det kanskje litt sommar likevel!


Frøken snupp er ekstra glad i desse blomane. Dei rosa fekk ho med bestemor i går og dei kvite rosene har ho "arva" frå bryllaupet til tanta og onkelen som gifta seg forrige veke. Tenk å få ete frukost med bryllaupsroser på bordet!

♥

Brått vart også denne dagen spennande og fantastisk - meir skal det ikkje til! At ho i tillegg får ha på seg sommarkjolen på handel og at vi skal på lynvisitt til ei lita venninne, gjer alt endå betre!

PS! Dersom eg får lov av dei to nygifte, kjem det kanskje nokre bryllaupsbilete etterkvart! Eg var så heldig å få lov til å fotografere dei....  



tirsdag 24. juli 2012

Heimelaga espalier

Mamma og pappa kom for litt sidan med ein klematisk i gåve til oss. Stakkar klematisen har vakse så godt han berre kan, men har ikkje hatt noko å klatre etter. I dag var gode råd dyre og lageret med drivved kom endeleg til nytte!

Med drivved som vi plukka i fjøra etter at Dagmar hadde vore på besøk, litt alpakkaull frå Peru og god hjelp frå frøken midtimellom, gjekk vi i gang og laga eit espalier til klematisen. 

Ho heldt og eg surra. Fleire runder med tråd. Måtte vere stødig og tole både vèr og vind!


Nå står espalieret vårt så fint opp mot fjøsveggen. Litt svarte blad på klematisen, ser eg. Kan det vere for at dei har vore i kontakt med bakken litt for lenge? Ja, ja, no blir det i alle fall betre tider for klematisen. No skal han få klatre så høgt han berre vil!

Ein lukkeleg klematisk klatrar seg oppover den gamle fjøsveggen og nyt å verte pusla litt med!

Kva lagar du av drivved?

lørdag 21. juli 2012

Finaste bofsen...

Finaste bofsen måtte sjølvsagt vere med då vi var på hyttetur forrige helg. Det var kaldt då vi kom fram,  så vi fyrte i peisen. Og då likar bofsen seg; varmt og godt....


Og om du skulle lure; vi har fyrt i peisen i dag også....

fredag 20. juli 2012

Norsk sommar

Den norske, varme sommaren let tydelegvis vente på seg. Vi har grå dagar, skodde, kald vind og regn. Trasig at husbonden snart er ferdig med sine to ferieveker. At vi framleis ikkje har ete frukost ute. At vi berre har ete ein middag ute (og det var så kaldt at det var mest berre på trass). 


Der er likevel nokre små glimt av sommar. Nokre solgløtt inn i mellom alt det kalde og sure. Dei stundene er vi flinke til å nyte og ta vare på. Biletet over er teke ved vakre Lodalsvatnet, med den flotte Kjenndalsbreen i bakgrunnen. Vi var på ei hytte i Stryn og hadde nokre gode dagar i lag med syster mi med familie. Slikt fyller ein med energi! 

Det ville vere lygn å seie at eg er nøgd med sommaren så langt. Men vèr får vere vèr. Det er ikkje så mykje eg kan gjere med det likevel. I dag får eg ei god venninne på besøk og då skal vi kose oss med ein god lunsj medan ungane får leike seg litt!

Har du ein fin sommar?

onsdag 11. juli 2012

Matauk: lag di eiga saft!

Eg er glad i å bruke det naturen har å tilby og har i år bestemt meg for å vere ekstra flink til å hamstre frå naturens store spisskammers! I forrige innlegg såg de at eg og minste frøken snupp hadde vore ute og plukka hylleblomster for å lage saft.
Alle som har tilgang til hylleblomster burde så absolutt plukke og safte! Det er utruleg enkelt; det er nesten så heile greia gjer seg sjølv!

På matbloggen min, "På kjøkkenbenken", kan du i dag lese meir om hyll og framgangsmåte for å lage den herlege safta.
Det var i grunnen frøken midtimellom som laga safta og fekk den på flasker! La ungane få vere med på heile prosessen, frå plukking til ferdig produkt! Dei har berre godt av å sjå at vi kan bruke det som er i naturen! 

søndag 8. juli 2012

På jakt etter hylleblom!

Tenk å kjenne folk som kviskrar ein i øyret kvar ein kan finne hylleblomar. Tenk å verte inviterte til gards for å forsyne seg av dei gylne, velduftande og fantastisk gode hylleblomane.


Hyll er gull!


Eg forstår godt at hylletreet veks og blømer i så vakre omgjevnader som dette!


To gode hjelparar måtte sjølvsagt vere med på tur! Dei passe korga og samle hylleblomane eg klipte ned, men aller kjekkast var det nok å gå på oppdagingsferd på ukjende stiar!

Tusen takk for fantastisk hyll, Hilde!

fredag 6. juli 2012

Våt dans

Ein varm dag. Ei trampoline. Vatn. Frydefulle kvin over høyrest over heile tunet.

Glede. Uendeleg glede. 




Ein må berre like slike stunder!

tirsdag 3. juli 2012

Desse dagane er så gode...

...fordi dei går så seint. Og vi fyller dei med det vil vil. Dette blogginnlegget tek deg med på ei visuell reise gjennom sommardagane våre. Då vil du sjå at desse dagane er så gode....
...fordi vi kan sitje i sofakroken og kose oss så lenge vi vil. Frøken snupp kan sitje lenge og kose seg med bøker og blad. Eller sjå litt på TV. Eller leike med Barbiedokkene sine. Eller teikne!

...fordi ein snill onkel sender sms og lurer på om eg vil ha lyr og sei slik at eg kan lage fiskemat! 

...fordi store og kjekke syskenbarn klarer å pynte ei Pavlova heilt sjølv! 

...fordi pappaen i huset har bursdag og vi kan feire han til langt på kveld! Oppskrifta på den nydlege kaka på biletet, New York Blueberry Cheesecake, finn du her. 


...fordi vi fekk storfint besøk i tunet av sauer som eigentleg skulle ha vore på fjellbeite, men som tenkte at det ville vere ein god idè og stikke innom "Utsikten Gard" på besøk. 

Ungane fekk leike bønder og kosa seg med gjestane. Dei fekk rikesleg med gras, vatn og kos!


Ungane fekk sjølvsagt vatn på mølla og er heilt klare på at vi må få oss sauer! Vi har jo ein heil fjøs til disposisjon! Kanskje ein vakker dag...???


Kanskje blir han bonde ein dag?

Alle desse dagane er så gode...


...fordi ungane plukkar inn ugras og vi har tid til å studere dei og sjå at dei er vakrare enn blomar ein kan kjøpe i butikk! Å sjå ungane stå og undre seg over korleis blomane er oppbygt, gleder meg!

...fordi naturen er ei utømeleg kjelde for alle som er glade i å plukke blomar! Ein treng slettes ikkje prydhage for å finne fine blomar om sommaren. Nokre av dei vakraste blomane eg veit veks i grøftekanten! Tek du deg tid til å sjå kor vakre dei er?


Alle desse dagane er så gode fordi når kvelden kjem, så kan vi sjå tilbake på alt vi har fylt dagen med. Det er ikkje alltid så mykje, men det er nok. Og akkurat det vi har hatt lyst til å styre med! 

Om ei veke har kanskje papsen vår litt ferie og får dele desse gode dagane med oss! 

Det gler vi oss veldig til ♥