Då eg var lita jente hadde vi ein reproduksjon av eit maleri heime som gjorde umåteleg stort inntrykk på meg. Mange hugsar sikkert “Se, der kommer far!” av Marie Hauge. Eg sat i sofaen og kika på biletet, dikta opp ei historie rundt og tenkte mykje på desse fire borna som hadde venta slik på pappaen sin.
Skal tru kva dei tenkte? Skal tru kor lenge dei hadde venta på han? Skal tru kvar han hadde vore? Spørsmåla mine var mange og eg storkosa meg med å sitte slik å drøyme meg vekk!
Pappaen her i huset har jobba mykje i sommar, og det er ikkje fritt for at ungane har lengta etter han… Siste vekene har han vore på Bjorli og jobba, og gleda var stor den dagen vi venta han heim.
Minstesnuppa stilte seg opp i vindaugskarmen og kika etter han, og då fekk eg assosiasjonar til biletet eg hugsar så godt frå barndomen…
Nybada og med nyepysjen på stod ho slik og venta… Skal tru kva ho tenkte, der ho stod?
"No kjem ferjekøa, mamma!”, seier ho, og veit at pappa ikkje er langt unna. Etter ei stund med småtripping høyrer ho endeleg at bilen kjem…
Ho kunne ikkje kome seg fort nok ned frå bordet ho stod på!!! “Sjå, no kjem pappa!”, ropte ho høgt og sprang ut i gangen for å ta hjarteleg i mot han!
Pappaen på Marie Hauge sitt maleri kom heilt sikkert ikkje med bil i ei ferjekø, men han hadde heilt sikkert lengta etter ungane sine, og fekk heilt sikkert ein like hjarteleg velkomst som vår pappa! Sjølv om det kanskje skil 150 år mellom desse to situasjonane, er det nokre ting som aldri endrar seg….
♥♥♥
…ein pappa er alltid velkomen heim!!!
PS! Etter den overveldande velkomsten stod papsen på kjøkenet og varma seg litt mat, medan minstesnuppa snara rundt han. Brått kom ho inn på stova til meg: "Mamma, ej skal feire bryllaupsfest", seier 3-åringen! Eg lurer på kven ho skal gifte seg med. "Ej skal gifte mej med han pappa!", seier ho med den største sjølvfølge. "Men ej e gift med mamma di", seier han. "Åh, så bra! For ej heite mamma og då kan vi gifte oss likevel!!!". Seansen vart etterfulgt av bryllaupsvals på stovegolvet...♥♥♥