søndag 1. august 2010

Pink dreams…

Treåringen min elskar rosa og Madicken. “Mamma, eg vil ha ein slik kjole!”, seier ho når Madicken og Elisabeth spring berrføtt i graset på Junibakken.

sweet

Av og til er ikkje draumane så langt unna. Snille Anita skulle til Langevåg på handel og tok turen innom Emmas Verden. Eg visste dei hadde “Junibakken”-pysjar på salg og ba fint om ho kunne kjøpe to til meg…

sweet2

Det var så herleg å opne papirposen og ta ut dei to pysjane. Posen var pynta for hand, med utklipt hjarte og vakker handskrift. Og dei skjønne pysjane var fint bretta med raudruta sløyfe rundt.

sweet6

Det er så kjekt når nokon har gjort seg  flid for at vi som kundar skal få “det lille ekstra”!

sweet4

Eg trur nok treåringen blir veldig glad når ho får sjå desse rosa draumane i morgon! Ho kjem til å ta dei på seg og trippe rundt i stova og leike at ho er Madicken. Så kjem ho til å setje seg i sofaen og sjå Madicken på film, medan eg sit ved sidan av med smil i augene og kjenner at hjartet er varmt!

sweet5

♥♥♥

Tusen takk til Anita som var så snill å handle for oss – og tusen takk til Emmas verden som har så gode tilbod, så flotte varer og som held oss oppdatert på bloggen sin!

2 kommentarer:

  1. Så fine dei var..
    Nesten som ein skulle ynskje dei fanst i stor-stor str. ;-)

    SvarSlett
  2. så kjekt at pysjane fikk en søt liten eier som setter pris på dei ;)) kanskje får vi se bilder..??
    ønsker deg ei fin uke..la oss håpe sola titter fram ;))
    klem Anne♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!