fredag 6. august 2010

“Se, der kommer far!”

Då eg var lita jente hadde vi ein reproduksjon av eit maleri heime som gjorde umåteleg stort inntrykk på meg. Mange hugsar sikkert “Se, der kommer far!” av Marie Hauge. Eg sat i sofaen og kika på biletet, dikta opp ei historie rundt og tenkte mykje på desse fire borna som hadde venta slik på pappaen sin.

se der kommer far

Skal tru kva dei tenkte? Skal tru kor lenge dei hadde venta på han? Skal tru kvar han hadde vore? Spørsmåla mine var mange og eg storkosa meg med å sitte slik å drøyme meg vekk!

Pappaen her i huset har jobba mykje i sommar, og det er ikkje fritt for at ungane har lengta etter han… Siste vekene har han vore på Bjorli og jobba, og gleda var stor den dagen vi venta han heim.

Minstesnuppa stilte seg opp i vindaugskarmen og kika etter han, og då fekk eg assosiasjonar til biletet eg hugsar så godt frå barndomen…

vente1

Nybada og med nyepysjen på stod ho slik og venta… Skal tru kva ho tenkte, der ho stod?

vente

"No kjem ferjekøa, mamma!”, seier ho, og veit at pappa ikkje er langt unna. Etter ei stund med småtripping høyrer ho endeleg at bilen kjem…

vente2

Ho kunne ikkje kome seg fort nok ned frå bordet ho stod på!!! “Sjå, no kjem pappa!”, ropte ho høgt og sprang ut i gangen for å ta hjarteleg i mot han!

Pappaen på Marie Hauge sitt maleri kom heilt sikkert ikkje med bil i ei ferjekø, men han hadde heilt sikkert lengta etter ungane sine, og fekk heilt sikkert ein like hjarteleg velkomst som vår pappa! Sjølv om det kanskje skil 150 år mellom desse to situasjonane, er det nokre ting som aldri endrar seg….

♥♥♥

…ein pappa er alltid velkomen heim!!!

PS! Etter den overveldande velkomsten stod papsen på kjøkenet og varma seg litt mat, medan minstesnuppa snara rundt han. Brått kom ho inn på stova til meg:  ‎"Mamma, ej skal feire bryllaupsfest", seier 3-åringen! Eg lurer på kven ho skal gifte seg med. "Ej skal gifte mej med han pappa!", seier ho med den største sjølvfølge. "Men ej e gift med mamma di", seier han. "Åh, så bra! For ej heite mamma og då kan vi gifte oss likevel!!!". Seansen vart etterfulgt av bryllaupsvals på stovegolvet...♥♥♥

8 kommentarer:

  1. Så koselig & så sant. En pappa er alltid velkommen.
    Ha en vidre fin dag.
    Klem Christina

    SvarSlett
  2. Så utrolig koselig...
    Nyt sommerhelgen sammen
    Klem Tove

    SvarSlett
  3. Dette biletet har eg óg grubla mykje over i oppveksten! Eg tenkte på eldstesonen som nok har hatt mykje ansvar heime medan faren hadde vore vekke, og eg tenkte på den vesle systra i raudt skjørt, som kanskje aldri hadde møtt far sin før. Eg såg også for meg fjella ho peikar mot, og landskapet elles rundt dei. "Heldigvis er ikkje vegen ned til bygda så lang", tenkte eg.
    Og så grubla eg over at den nest eldste likna på ein bror i skjørt... Kvar er dette biletet i dag?

    SvarSlett
  4. Jeg har blitt fortalt historien rundt dette bildet av svigermor, hun har det hengende i stuen.. ser du bekymringsrynken mellom mors øyne? Oh det litt undrende blikket hos storebror?
    Jeg har blitt fortalt at de venter på far. Litt betenkte og undrende..for vil han komme hjem full? eller-kommer han i det hele tatt? Jeg skal jammen meg spørre svigermor mer om bildet- det virket som om hun kunne en del om det!

    SvarSlett
  5. Så herleg eit kvardagsreferat ..
    Og godt å vere velkomen heim og det å ha ein heim å kome til!
    Er ikkje alle som har det slik..

    Ha ei vakker helg :-)

    SvarSlett
  6. Så nydelig liten historie Tove. Det er så koselig å følge med hverdag-øyeblikkene dine på bloggen. Jeg koser meg like mye hver gang det kommer noe nytt !
    Her koser jeg meg med snuppa mi hver dag til endes. Det er fantastisk å få lov til å bli kjent med et nytt lite menneske.
    Ønsker deg og dine en fortsatt fin sommer.
    Klem, Torhild.

    SvarSlett
  7. Lika tänkvärd och fin som tavlan är, lika tänkvärda är dina bilder på "minstesnuppa". Fantastiskt fina ögonblicksbilder du fått fram. Tack för en fin blogg, som jag gärna vill läsa, då och då.
    Hälsningar BrittMarie

    SvarSlett
  8. eg likar denne bloggen din berre betre og betre, og blei skikkeleg rørt om dette siste om veslejenta som venta på pappa. Eg har forresten fått dottera mi sin almanakk i posten, og ho vart igjen så henrykt at ho tinga ei ny bestilling, denne gongen til bestevenninna si i bursdagsgåve. Takk for at du delte akkurat det almanakktipset! Uansett, gler meg til kvar gong eg ser i lesaren min at du har skrive noko nytt.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!