Skjønne, lille Sina... Snille, gode storejenta vår, Ida
Pappa og mamma kosar seg med Sina i det nydelege vårvèret!
Det manglar ikkje på blomar i heimen så lenge
påskeliljene blømer og Ida vil plukke!
Eg skal gå rett på sak og erkjenne det med ein gong: eg har ikkje hage. Eg har ikkje eingong plen, planter eller busker. Der, no er det sagt og ei bør er lyfta frå skuldrane mine. I desse fagre solskinsdagar snakkar ikkje folk om anna enn hagane sine, og eg kjenner misunninga stige. Ein skulle tru eg kunne finne ein grøn liten flekk på eigedomen min, eg bur trass alt på ein gard der ca 10 mål med plenpotensiale omkransar bustaden min. Men nei. Eg bur i ei steinrøys. Kvar eg enn ser, så er det stein, grus, mold, sandhaugar og rot rundt meg på alle kantar. Eg hadde ein gong litt plen, men når eg har ein mann med gravemaskin og ein son som elskar å grave i mold, så forsvann dei få kvadratmetrane ganske fort. Det som er att av det grøne er rett under og rundt klessnora mi. Ikkje akkurat rette staden for å sette ut hagemøblane. Dei får nok ikkje sett dagens lys i år. Slik som det ser ut akkurat no, har dei det best på låven.Vi er vel stort sett vårklare heile gjengen no. Einaste som gjenstår er å kjøpe Ida eit par nye vårsko. I dag skal vi vere ute og nyte kvart eit sekund av dagen! Gløymt er alle erlerider og starerider, mannen har parkert brøyteutstyret for denne gong og ski og anna vinterutstyr er allereie i god forvaring på låven.
Måtte vi få mange fleire dagar som dette!

Det er måndag morgon, Sina søv og eg sit i godstolen og tenkjer. Mange rundt oss slit og har det tungt. Til trass for dette klarer dei likevel å finne styrke til å leve liva sine og til å ta vare på andre rundt seg. Nokre ord frå eit Halldis Moren Vesaas-dikt har sett seg fast i meg siste tida. Vi som har nok å gi må dele raust til dei som treng oss, både av tid, omsorg og varme. Eg fann ein nydeleg tekst av ukjend forfattar som eg vil dele med dykk, vi treng av og til slike påminningar. Det er viktig å ta vare på kvarandre.