mandag 4. juni 2012

...som natt og dag...

Dei er som natt og dag, desse to jentene mine. 

Den eine kler seg i ull og regnkle og spring ut for å kose seg i regnet...


Og når ho kjem heim kan ho smilande fortelje at ho har kosa seg på tur i skogen? Om ho ikkje var våt og kald? Slett ikkje, kunne ho fortelje. Om ikkje vèret var for dårleg til å vere ute? Langt i fra; at det regna både oppover og nedover gjorde ingenting for hardhausen min!


Den andre jenta mi kler seg i lette sommarkjolar og set seg under varmepumpa i gangen for å halde varmen! Om ikkje ho hadde lyst ut? "Er du gal, mamma!!!" - var svaret eg fekk då! 


Ho hadde slettes ikkje tenkt seg ut i grisevèret! Ho kunne verte både kald og våt, må vite! Og ho kunne i alle fall ikkje gå med sommarkjole, i alle fall ikkje utan på fryse i hèl! 


Og sidan det ikkje var så særleg varmt innandørs heller, så var gode råd dyre. Eg foreslo at ho kanskje kunne kle på seg litt. I alle fall ei strømpebukse. Eg visste kva svar eg fekk før eg hadde spurt spørsmålet: "What - det er jo sommar ute! Har du ikkje høyrt gauken, kanskje???"

Ho sette seg like godt under varmepumpa og kosa seg der. Då storesyster kom inn frå den klissvåte skogsturen sin, såg ho berre oppgitt på den drypande våte syster si og rista oppgitt på hovudet....

Som natt og dag, men akkurat like gode. Like skjønne. 

5 kommentarer:

  1. For nokre nydelege jenter du har! Morosamt at dei er så ulike!

    SvarSlett
  2. Det er jo det som er det fine med ungene våre:) Støpt i samme form, men allikevel så uendelig forskjellige.
    Nydelige er de begge to både hardhausen og frostpisten;))))

    SvarSlett
  3. Fantastisk :-) Støypt i same form men alikevel så ulike :-)

    SvarSlett
  4. Innom igjen her hos deg :) For et herlig innlegg - om to skjønne, forskjellige jenter! Herlig at barn/søsken kan være så forskjellige. Så fine de er!! Ønsker deg en fin-fin helg herfra! klem :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!