søndag 3. juni 2012

Tips til borddekking

Det er ei herleg tid vi går i møte. Sjølv om det tidvis har vore både sludd og snø desse fyrste junidagane, så veit eg at varme soldagar ikkje er så langt unna!

Sommaren er ei fin tid for å invitere gode vener på ein deilig lunsj i sola eller ein avslappande middag etter ein lang dag på badestranda. Å dekke eit kosleg bord til gjestane treng slettes ikkje å vere verken komplisert eller vanskeleg! Her er nokre tips og råd til enkel, men fin borddekking!


Stylist Mona Nerenberg frå New York har ein fin filosofi når det gjeld borddekking:

"If you're calm and the table looks calm, then your guests will enjoy themselves even more"


Ho kjem med mange gode råd når det gjeld det ho kallar "relaxing tablescape":

  • Bruk linserviettar, du treng slettes ikkje å stryke dei! Den naturlege look`en verkar avslappande på gjestane. 
  • Om det er gode vener du inviterer til middag eller lunsj; ikkje bruk bordkort. Den beste stemninga får du om folk får sitte der dei ysnkjer. 
  • Bruk gjerne kvardagsserviset ditt! Eit kvitt servise i skapet er kjekt å ha! Tips: du kan finne mykje bra på bruktbutikkar. Fata treng kanskje ikkje å vere like, så lenge dei har same farge. 
  • Gjer det enkelt! Eit "rotete" bord med mykje pynt kan verke forstyrrande.
  • Ha gjerne eit lite bord eller krakk ved sidan av, slik at du enkelt kan oppbevare ekstra serviettar, drikke og andre småting ein kanskje treng under måltidet.
  • Du treng ikkje duk når du dekkjer bordet. Bruke gjerne ein linserviett som brikke under kvar kuvert. 
Nydelege keramikkskålar laga av Christiane Perrochon. Bilete frå heimesida hennar. 

Ein treng slettes ikkje å ha dyrt porselen, sølvbestikk og matchande tilbehør når ein skal dekke eit fint bord. Det kan likevel vere lurt å tenkje på eit tema, gjerne ein farge. Når du skal kjøpe nye ting til kjøkkenet kan det vere lurt å tenke at det skal passe i lag med det andre du allereie har. Dekketøy kan gjerne  kan kombinerast dersom same farge, mønster eller form går igjen. 



Skåler frå Christiane Perrochon, bilete frå heimesida hennar. 

Til eit sommarleg middagbord passar det godt med kvitt som grunnfarge og duse pastellar som pynt og tilbehør. Eg er veldig glad i små skåler og har mange slike i skapet mitt. Dei kan brukast til det meste når du skal dekke eit bord. Ein kan finne slike skåler i billege utgåver og i dyre utgåver. Eg har funne skjønne skåler på t.d. Nille og Coop Extra. 


Skåler laga av Christiane Perrochon, bilete henta frå heimesida hennar. 

Uansett kor du dukar og dekkar; det er gjestane som er dei viktigaste kring bordet! Det er kjekt å dekke eit fint bord når ein skal ha gjestar, men ikkje la angsten for ikkje å dekke eit fint nok bord få ta frå deg lysta til å invitere gode vener på middag. Ikkje tenk at du må kjøpe masse nytt; bruk det du har og gjer det beste ut av det. Og hugs; det enkle er ofte det beste! 

Christiane Perrochon, som har laga dei nydelege keramikkarbeida på bileta, er opprinneleg frå Geneve i Sveits. Ho har utdanna seg som keramikar og har særleg brukt mykje tid på å utvikle ulike typer glasurar. I dag bur ho i Toscana i lag med mannen sin. Meir om henne finn du på heimesida hennar (trykk her).

GOD SØNDAG TIL ALLE! 

Biletet øverst i innlegget og nokre av tipsa har eg lånt frå housebeautiful.com.


2 kommentarer:

  1. Herlege tips!

    God søndag :-)

    SvarSlett
  2. Det var gode tips, og litt uformelle - for det er gjerne det koseligste synes jeg..at alt ikke behøver å være nystrøket og stivt, å kunne bruke hverdagsservise og gjøre det litt enkelt! Da blir alt litt mer uhøytidlig og kjekt.Men - alt til sin tid selvfølgelig!:)Hilse Else Britt:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!