tirsdag 5. juni 2012

Pølsetid og utfordring!

Dersom du har ungar i skule og/eller på fritidsaktivitet, så har du heilt sikkert motteke dei aller fyrste lappane om all verdens slags avslutningar som skal vere i vekene framover! Ikkje det at det er noko gale i det, altså, men ein kan verte grundig lei grillpølser...

På matbloggen min, "På kjøkkenbenken", har eg ei utfordring til alle som har lyst å bidra med nye og spennande måtar å "tenke" pølser på!

Dersom du har lyst å vere med på dette, så blir eg kjempeglad! Har du eit godt tips til korleis ein kan variere "avslutningspølsene"? Ikkje nøl med å vere med på utfordringa mi! 


Du kan bidra anten du har blogg eller ikkje. Legg att tipset ditt eller oppskrifta di i kommentarfeltet på blogginnlegget mitt for å vere med på utfordringa. 


Du må gjerne tipse andre om dette - vi er mange som treng nye pølseidéar, og det er mange som har gode pølseidéar!


Siste frist for å vere med er tysdag 12. juni! Klikk her for å finne innlegget mitt med meir informasjon. Fin premie til den som utpeikar seg som favoritt har eg óg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!