tirsdag 15. mai 2012

...om å lokke fram sommaren...

Sjølv om vèret har veksla mellom sludd, regn, vind og snø i det siste, så måtte eg likevel prøve å lokke fram den gode kjensla av at det snart er sommar. Ein søt, liten vase med sommarfugl på, avskorne blomar og ein stein frå ei sandstrand er nok til å setje tankane i sving!
Det er eigentleg rart å tenkje på at det er 17.-mai om to dagar og at sommarferien berre er ein månad unna. Det kan sjølvsagt hende vi har hatt like dårleg vér på denne tid før om år óg, men ein gløymer kanskje fort. I år har det i alle fall vore trist maivér på Sunnmøre. Vinterdressar, ullkle og vottar er på ingen måte pakka vekk. Med ein temperatur på 3-4 grader er det lite som minner oss om at det snart er sommar.
I går var det så trist og grått at eg rett og slett måtte trøyste meg sjølv litt. Eg kjøpte ein nydeleg vase med sommarfugl på og nokre vårlege blomar til å pynte litt med. Desse kvite, små knappane på biletet er eg ikkje sikker på kva heiter, men dei minner meg om fjøreblomar. Sommarfugl og fjøreblom løfta dagen min!
Den fine steinen minner meg om varme sommardagar. Ungane elskar å rusle berrbeint i fjøra og plukke fine steinar. Dei får aldri nok. Heime hos oss ligg det steinar overalt, fordi eg ikkje har hjarte til å hive dei. Vi har samla mange i glaskarmen på badet og det er like fint å vakne om morgonen, late opp glaset på badet og sjå dei fine steinane som ligg der og minner oss om varme dagar i fjøra, medan dei fjørlette gardinene flagrar i vinden (no må eg berre legge til at medan eg sit og skriv dette, så HAGLAR det ute...). 
Vi har også steinar i gangen, på eit bord utanfor inngangspartiet, i glaskrukker som står ute om sommaren og som botndekke i blomsterpottene ute. For ikkje å snakke om haugen med stein ved sidan av vaskemaskina... Det er ikkje få stienar eg har plukka ut av små bukselommer!


Denne fine peonen har ein litt spesiell blomstervase. Det har seg nemleg slik at eg kjøpte ei fin, rosa emaljert pumpeflaske til såpe. Ganske stor var den, og eg hadde tenkt å bruke den på badet. Den kom aldri så langt, for eitt eller anna med pumpa virka ikkje. I går leitte eg den fram frå loftet, tok vekk pumpa og brukte den som vase. Det vart faktisk utruleg stilig og gjenbruk på sitt beste!
No har eg i alle fall gjort mitt for å lokke fram litt sommarkjensle. Kan hende det var til god hjelp, for inn i mellom regnbyger og haglbyger har vi faktisk sett litt til sola! 

Ellers går dagen i dag med til å bake kaker som skal leverast her og der, og så skal finstasen til store og små leitast fram. Noko må vaskast og noko må strykast og så trur eg jammen vi er i mål til nasjonaldagen. 

Kva gjer du for å lokke fram sommarkjensla?

5 kommentarer:

  1. Fine bilder..deilig sommerfølelse!:)Jeg lagde bruschetta i går kveld..med den gode duften i kjøkkenet og med sommermusikk i bakgrunnen fikk jeg plutselig den helt deilige sommerfølelsen!:)Det minner meg om fine sommerkvelder..selv om regnet pisket på ruta mi!:)
    Hilsen Else Britt

    SvarSlett
  2. Uff dette været altså, men det var slik ifjor og. Det var ein kald mai som førte til dårlig sesong for bier og frukt. Vinden i natt øydela masse blomar for meg så eg er litt sur no, men for å lokke fram sommarkjensla så er det vel berre til å drøyme seg vekk i ei kokebok eller liknande. Rabarbara, jordbær, melon... Eller ein sydenkatalog i verste fall.

    SvarSlett
  3. Det høres jammen meg ut som at dere har hatt samme vårvær som oss i nord. Triste greier. Har pakket bort vinterdressene nå, og håper de kan forbli bortpakket til neste vintersesong! Nå vil vi ha vår og fint maivær! Fine bilder og ord, som alltid! Du inspirerer meg :)

    SvarSlett
  4. Åh kor vakkert!! Nei veret er i nordvest er slettes ikkje noke å rope hurra for akkurat, men vi er helidgvis utstyrte med eit håp om betring, og blir veldig glade når sola kikar fram :-)

    SvarSlett
  5. Jeg tror du har klart å logget frem sommeren for neste uke kommer det nydelige været med en vakker sol fra strålende blå himmel. Åhhh som vi gleder oss:))

    Vi feiret nasjonaldagen på sulafjellet igår, det var så grått vi så knapt hverandre!
    Og dei store trea i hagen har ikke fått en eneste blad ennå. Ifjor på denne tid var det mye blader å se:)

    Tror bladene på træren også kommer neste uke:))

    Vi skal nyte alle sammen:))

    Bildene du har tatt var utrolig vakre synes jeg:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!