søndag 6. mai 2012

“Mamma, eg elskar Leila” ♥

Minikokken fyller fem år i juni og er allereie godt i gang med planlegginga. For dei som kjenner henne kjem det nok ikkje som noko overrasking at ho har styringa på dette sjølv. For litt sidan sat vi og bladde i Leila Lindholm si matbok, “A Piece of Cake”, for å finne ut kva vi skulle bake til bursdagen hennar. Det var både det eine og det andre som havna på bakelista vår, og til slutt seier minikokken; “Mamma, eg elskar Leila!”. Ho sat og kika på det fine framsidebiletet av henne og så sa ho; “Det eg ynskjer meg aller mest til bursdagen min er same forkle som Leila har!”.

IMG_8951

Vi hadde tidlegare vore innom “Leila’s General Store” og sett på alt det fine ho har der og ho hadde så klart merka seg at ein kunne kjøpe barneforkle der. Så vi tok oss ein tur innom og bestilte både det eine og det andre! I går kom pakken og minikokken var i draumeland då ho fekk sette seg ned og opne kassa og plukke ut dei fint innpakka “gåvene”.

IMG_8963

Det var i grunnen meining å vente med å gi henne forkleet til bursdagen i juni, men ho visste at det var der og meinte hardnakka at ho måtte ha det på seg når vi skulle bake alle kakene til den store dagen og at ho difor måtte få opne det opp med ein gong!

Ho gjekk rundt med forkleet og den rosa slikkepotten heile dagen og leika at ho var TV-kokk! Då kvelden kom var forkleet bytta ut med finkjole og slikkepotten vart brukt som mikrofon og i lag med frøken midtimellom underheldt dei oss med heimesnikra poplåtar!

Det kjem nok fleire godbitar frå Leila Lindholm og minikokken på bloggen seinare…♥

Leila si heimeside finn du her og Leila’s General Store finn du her.

PS! “A Piece of Cake” er ei svært inspirerande matbok med både søte kaker og god gjærbakst. Haugen bok har den på tilbod no, klikk her for å finne den!

4 kommentarer:

  1. Det er i liten dame som veit hvad hun vill. Flott forkle må en si.
    Hun kommer bli ei fin kokk når hun blir eldre trur eg.
    Ser frem mot alt det flotte hun kommer lage :))

    SvarSlett
  2. Så herlig! Tenk å være så opptatt med slikt, enda så liten hun er :) Hun ble jo bare kjempesøt i forkleet! Leila er jo bare fin, så skjønner henne litt der :)

    Ha en flott søndag :)

    SvarSlett
  3. Det var nå et lekkert forkle da, og så rosa slikkepott! Det må bli suksess! Ønsker dere lykke til med kakebakinga til bursdagen! Regner med vi får følge med her på bloggen.

    Ha en fortsatt fin søndag!

    SvarSlett
  4. Søte minikokken:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!