lørdag 5. mai 2012

{ it’s all about nature }

natur

Eg er glad i å ta naturen med inn i stova. Det kan vere blomar, strå og greiner, eller interiør i naturleg materiale.

natur1

Denne skåla i bambus er eg så glad i. Den er heilt ny og står og prydar bordet i stova. Eg likte så godt måten den er laga på. Ringane med ulikt farga treverk, fascinerande og vakkert.

natur2

I dag kom det snø igjen og i det kalde vinterlyset vert fargane i skåla dunkle og gråaktige. Når kvelden kjem og vi tenner stearinlysa, er det dei gylne og varme fargane i treet vi ser.

natur3

Eg blir ekstra glad når eg får tak i interiør til ein rimeleg peng. Denne skåla kjøpte eg på Jysk til kr. 49,-. Om den ikkje varer evig, så skal eg ha mykje glede av den enn så lenge!

E n k l e   g l e d e r

e r   o g s å   g l e d e r !

1 kommentar:

  1. Nydelig..naturfarger er bare vakkert!God lørdag, og takk for titten!Hilsen Else Britt

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!