tirsdag 8. mai 2012

{ Stella & Lulu }

Eg har stor sans for kvinner som veit kva dei vil. Som ikkje let seg stoppe av “bør ikkje”, “tenk viss”, “det passer seg ikkje” og “kan ikkje”. Mange let seg stanse av hindringar i vegen, medan andre ser på hindringane med kun eit mål for auge; å kome seg over.

IMG_9103

Eg blir sjølvsagt ekstra stolt når nokre av desse flotte damene bur i mi eiga heimkommune! To av desse, som ein berre beundre for pågangsmot og vilje, er Marita og Ida Mari. I slutten av august i fjor starta dei sin eigen butikk –

S t e l l a .

IMG_9110

Før det har gått eit år har dei allereie bytta lokale for å få meir plass. Dei fører merke som ingen andre i lokalmiljøet har og kundekretsen veks. Som småbarnsmamma er det ekstra kjekt at dei også har barnekle.

IMG_9114

I dag mått eg innom og beundre dei nye lokala deira. Eg var likevel ganske målretta med besøket mitt, for eg ynskte meg ei ny “lita alt mogleg”-veske som kunne romme både telefon, Visa-kort, pengar og nøklar. Og sjølvsagt fann eg det eg leitte etter!

IMG_9128

“Lulu’s accessories” er eit nytt, norsk merke som sel vesker, små og store, og anne tilbehør som ein rett og slett berre må ha! Eg var eigentleg på jakt etter ei lita, lys blå veske, men då eg såg ei av skinnveskene som låg der var eg solgt…

IMG_9134

Den vesle veska er i det nydlegaste og mjukaste kalveskinn. Det har plass til akkurat det eg treng å ha med meg når eg må ein tur på handel, ein liten tur på byen eller berre stikk ein tur på venninnebesøk.

IMG_9111

Om du bur i nærleiken bør du verkeleg nytte høvet til å stikke innom butikken og helse på dei flotte Stella-damene! Du får super service i butikken og om du ikkje bur så nær så har eg forstått det slik at dei sender det du vil ha!

Butikken har eigen blogg som du kan lese her, og dei er på Facebook. På begge stadane finn du flotte bilete av både kle og tilbehør, for ikkje å snakke om skjønne, små modellar for dei yndigaste barnekle…♥

Tommelen opp for sterke, flotte og sjølvstendige damer!!!

PS! Innlegget er på ingen måte skrive på bestilling frå butikken. Det er skrive i pur begeistring for både butikken, damene og motet deira!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!