Nei, det er ikkje stovegolva og glaskarmane mine eg snakkar om (…sjølv om det like gjerne kunne ha vore det…). Eg snakkar om fargar. Støvete og skitne fargar. Eg er svært svak for fargar som sorterer under den kategorien. No har NIB gått i front og sagt at vi er ferdige med svart/kvitt-perioden no. Lenge har svart og kvitt dominert interiørbiletet i bloggverda. Det har vore både stilreint, klassisk og fint, men no er det endeleg fargane sin tur!
Eg har ikkje kasta meg over svart/kvitt-bølga, rett og slett fordi det ikkje passar så godt inn hos meg! Men sjølv om det no skal vere litt meir fargar, så klarer eg ikkje heilt å sleppe favorittkrusene min i deilig, støvete blåfarge.
Ei god venninne kom på besøk med ungane sine i dag, og medan dei var ute og aka sat vi inne og kosa oss med god te frå desse herlege Sophie Conran-krusene.
Litt meir farge er det likevel å finne rundt om kring i stova mi. Eg ha aldri vore særleg glad i det påskegule, men eg forstår at det er viktig for ungane så då er det mykje gult i år. Men blant alt det gule er der likevel nokre skattar i favorittfargane mine! Det herlege fatet på biletet over har eg kjøpt på “Det kreative hjørnet”. Syster til ei god venninne av meg driv ein liten keramikkverkstad på Kongsberg, og det er ho som har laga fatet.
Eg er så utruleg glad i den turkise fargen! Meir skal det ikkje til for å kvikke opp dagen min!
Tulipanar set sjølvsagt eit fargerikt preg på interiøret!
No startar påskeferien på ekte her i huset! Husbonden har antakeleg brøytefri nokre dagar og vi skal berre kose oss i lag heime.
Ynskjer alle ei fargerik og god påskehøgtid!
Så fine koppene din er.
SvarSlettHos meg er det ikke mye sort/hvitt i interiøret...jeg liker mer farger :O)
God påske,
klem Fredrikke
Herlige kopper! God påske!
SvarSlettGod påske!
SvarSlettJeg kommer sikkert til å fortsette å ha interiør i lyse farger, kombinert med brunt, det fungerer best i lengden for meg. Jeg velger oftest det jeg liker framfor trend - og så blir det som det blir, men likevel mitt hjem :) Men, når basen er nøytral, så kan en ty til fargeklatter innimellom, selv om de oftest er duse de også :) Kjempefine kopper du har. Store, gode kopper må det være til te :)
Jeg er også glad i turkist - og får ikke til påskepynting med gult, uten at jeg kan peke på hva som er feil med gult.
God påske - med litt overraskende snøvær. Kom til at det ikke var starerida eller erlerida men måke-rida :) Hagen var ferdig pyntet med påskeliljer og forsythia, men været rår vi ikke over, så vi får kose oss likevel :)
Nydeleg med duse fargar! Og så godt at vi kan ha vår eigen stil og at ikkje interiørpolitiet kjem ridande på sin høge hest for å ta oss.
SvarSlettGod Påske!!