Dei små føtene kom tuslande over det kalde soveromsgolvet. Fullmånen kika inn det opne glaset og lyste opp slik at ho såg kvar ho skulle gå. Forsiktig kraup ho opp i senga og la seg i midten. Den varme kroppen kraup inntil meg og slo armane kring meg. “Mamma, kan eg krype inn i deg?”.
Eg snur meg rundt og kikar inn i to trøtte auge. Ho spør igjen. “Eg vil krype inn i deg, mamma. Vere hos deg for alltid.” Eg slår armane rundt henne og kjenner på den gode sovevarmen. Det bustete håret står til alle kantar og kitlar meg i andletet.
Ho smiler i søvne, der ho ligg innetulla i dynene og armane mine. Snart fem år, snart stor jente. Framleis likar ho å kome inn til oss om natta. Ho drøymer ikkje, er ikkje redd – berre så glad i å vere nær. Krype heilt tett inntil og sovne med eit smil om munnen.
Ho klarer ikkje å sovne med det same. Ho lurer på kvifor månen er så stor, kvifor den lyser opp romet vårt, om vi skal stå opp og gå ut og kike. Eg svarer mumlande, midt mellom vaken tilstand og svevn. Ho lurer på om eg kan stryke henne over håret. “Kanskje sovnar eg då, mamma…” Og mamma stryk. Kosar. Deler varme. Heilt stille kviskrar ho endå ein gong at ho skal vere hos meg for alltid. Så sovnar vesle ngelen min.
Eg burde heilt sikkert ha lagt henne tilbake i si eiga seng. Forståsegpåarar meiner sikkert at det hadde vore best. Men eg gjer det ikkje. Vi blir liggande slik; tett inntil kvarandre. Sakte slepp ho taket, legg seg betre til rette og søv tungt.
Eg blir liggande å tenke. Tenke på kor fort tida går og at minstegullet vårt no er stor jente og ikkje lenger så avhengig av oss. Tenkjer på alle rare spørsmål ho har og som eg ikkje kan svare på. Alt ho undrar seg over. Til slutt sovnar eg, vel vitande om at eg vaknar neste morgon av at eit bustetroll smyg seg under dyna og treng varme og kos.
I dag har ho vore påsekharen sin vesle hjelpar. Men kyndig hand delte ho påskegodteriet mellom seg og søskena sine. La like mykje i alle egga og gjekk så i gang med å lage gåter som avslørte kvar storesyskena kunne finne egga.
No har vi kosa oss med påskegodis og sett film i lag. Minstemor har lagt seg og dei to eldste spelar memory. Eg kjenner at det er godt å slappe av, vere heime og gjere ingenting.
Det er framleis nokre dagar att av påska. Pass på å gjere det beste ut av dei gode dagane!
N y t h e l g a !
Å nei....at barn blir alt for brelete av å krype opp i mammas seng er en myte....Tenk hvor trygt det er, hvorfor ikke nyte det så lenge det varer...Med mindre det er hver natt, da...
SvarSlettVeldig veldig skjønne bilder, så heldig du er som har en så skjønn datter,
klem,M
Så nydeleg! ♥
SvarSlettNyt, det går så alt for fort...
Er ikke det en av de beste tingene med det å være mamma:) Kjente at smilet kom helt fra hjertet mitt når jeg leste!
SvarSlettAkkurat slik skal det være. Tenk ho lille jenta som huske ei slik god og varm mamma! :))) Trygghet til å vokse i:))
Klem:)