lørdag 31. mars 2012

Tapas i Barcelona

Eg hadde eigentleg tenkt å kose meg i solveggen med ein god kopp kaffi, lese litt nyinnkjøpt litteratur, sjå i interiørblad og høyre på ungane leike seg på tunet. Men så vaknar vi til snø… Masse snø… Snø høyrer for så vidt påska til og det burde heller ikkje kome som ei overrasking at det kan kome snø på denne tid av året. Så når plan A sviktar (den planen med sol og utekos, altså), så lyt vi ty til plan B; innekos, baking, litt smårydding for å gjere oss heilt klare til påskehøgtida og så kikar eg i bilete og lengtar tilbake til vårvarme dagar i Barcelona.

tapas-c

Spania er tapasen sitt heimland. Uansett kvar i Barcelona du befinn deg, finn du ein tapasrestaurant i umiddelbar nærleik.

tapas-d

Ingenting er som å setje seg ned i lag med gode vener og nyte slikt eit bugnande måltid!

tapas-a

Eg er allergisk mot reker og skalldyr, men hobbykokken i meg let seg likevel både inspirere, overraske og fascinere over alle dei ulike måtane skalldyr kan tilberedast på. Denne varianten var innebaka i filodeig, fritert og servert i ei lita skål med fantastisk aioli!

tapas-b

Dette var faktisk aller fyrste gong eg har smakt skikkeleg blekksprut. Friterte blekksprutringar har eg ete før, men det blir ikkje heilt det same. Her fekk vi blekkspruten servert på grilla paprika (som var ei smaksoppleving i seg sjølv!!!), med pesto og god olivenolje. Og sjå kor fint dei hadde pynta med blomar! Sjølv om konsistensen var noko framand, smakte det fortreffeleg!

tapas-e

Då har eg fått mimra litt om deilige dagar i Barcelona…. Ute snør det framleis, men vi bryr oss ikkje særleg mykje om det. Jentene har leita fram all påskepynten vi har samla gjennom åra og er klar til pynting!

 

God palmelaurdag til alle!

 

2 kommentarer:

  1. Hei :)
    Håper du får en fin påske ♥
    Siste sjanse for å vinne BoligDrøm abonnement hos meg i dag ;)
    Og påskegave fra Solstrand Interiør trekkes på onsdag ;)
    Klem Anette

    SvarSlett
  2. Flotte bilete frå tapasmåltidet! Blekkspruten dei serverte er ikkje den same som du har fått servert som friterte ringar, det er nemleg akkar (calamares), medan det vi ser på biletet er den andre sorten blekksprut(pulpo). Hos foreldra til svigersonen vår har vi fått blekksprut servert saman med lilla poteter - dei var kokte i "blekket" frå blekkspruten. Med god olivenolje og litt raud pepar smakte det fortreffeleg:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!