torsdag 29. mars 2012

Smilande benk

Midt i parken sat han. Heilt åleine på ein benk. Hadde ingenting med seg. Ingen som sat i lag med han. Ingenting som såg ut til å haste. Ein av verdas vakraste katedralar stod rett ved sidan av, men eg såg berre mannnen. Mannen på benken i parken.

barcelona

Han såg så snill ut der han sat. Med falda hender kika han på det yrande folkelivet. Smilte. Såg så tilfreds ut. Eg høyrde ikkje lenger kva guiden fortalte om katedralen. All mi merksemd var retta mot denne mannen. Midt i eit bankande byhjarte sat han roleg og avslappa, i ein vrimmel av folk frå alle delar av verda. Han har heilt sikkert sete her mange gongar før. Kanskje kjem han kvar dag.

Eg fekk slik omsorg for denne mannen. Ein framand. Han utstrålte noko trygt. Noko godt. Ro. Eg tenkte på at vi alle skulle har vore flinke til å setje oss på ein benk av og til. La verda segle av garde og leve sitt eige liv. Som regel hastar vi forbi og unner oss ikkje slik kvile. Gjennom eit langt liv passerer vi mange benkar. La oss av og til stoppe opp og ta oss tid til å studere verda. Eller tid til å tenke. Eller til å berre sitje heilt i ro og kvile.

barcelona1

Smilende benk

Mannen som bur nedi lia
må tydelegvis ha merkt seg
at "møblar av plast
har eg elles lite til overs for".


Der to kvite stolar stod i fjor
står i år ein solid trebenk.
Ny å sjå til. I alle fall nymåla.
Glinsande grøn.


Kan ein benk smile?
Denne benken kan.


Da mannen ommøblerte
her oppe på bakketoppen
må han ha smilt i skjegget.
Og smilen blanda seg med grønmålinga
så no står benken og smiler med heile seg.


Og eg som går og set meg der
smiler tilbake med heile meg.

Halldis Moren Vesaas (sommar 1995)

Dette vakre diktet skreiv Halldis M. Vesaas berre nokre månader før ho døde. Det passa til bileta eg tok av denne kjekke mannnen i parken utanfor Sagrada Familia i Barcelona.

…og eg som går og set meg der
smiler tilbake med heile meg.

Finn deg ein benk, set deg ned, kvil deg og smil!

4 kommentarer:

  1. Det var et hjertens innlegg som fikk meg til å smile langt inn i sjela:)) Takk takk:)

    Sitter foran peisen på vidda ( kom i kveld) helt stille helt rolig og smiler som mannen på benken:))

    God påske til deg og familien:))

    SvarSlett
  2. Åååå, jeg er bare SÅ glad for at jeg fant deg og denne bloggen. Du er bare helt fantastisk, og bloggen din likeså!!! Jeg blir så inspirert av deg. For et nydelig, herlig innlegg. :)

    SvarSlett
  3. Så nydelig innlegg! Du har så fint blikk for ting som mange ikke evner å se uten litt hjelp. Kunst, vil jeg kalle det.
    Og så skriver du så nydelig nynorsk.
    Jeg vil gjerne følge bloggen din.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!