søndag 15. januar 2012

Påfyll og inspirasjon!

I går kveld fekk eg vere med på eit fantastisk matkurs! “Fremtiden i våre hender” sitt lokallag arrangerte vegetarmatkurs på “Kokk ‘n Roll” i Ulsteinvik, og alle på kurset fekk vere på kjøkkenet og lage mat!

collage kokk1 copy

To svært gode læremeistrar ynskte oss velkomne til kjøkkenet og ga oss tilgang til alt utstyr og alle ingrediensar! Dei hadde komponert ein fireretters meny med 14 ulike rettar som vi skulle få lov til å lage.

collage kokk copy

Mange gode tips vart delte denne kvelden, mange gode smakar og mange gode idèar! Vegetarmat er på ingen måte sært og rart! Eg sakna i alle fall verken kjøt eller fisk då vi sat til bords og åt i går!

collage kokk2 copy

Det viktigaste for meg denne kvelden var å få tips til gode måtar å variere med grønsaker på; anten som hovudrett eller som tilbehør til anna mat! No ligg oppskriftene godt bevart, men både bileter og oppskrifter blir delt på matbloggen min med jamne mellomrom!

Ta gjerne turen innom Kokk ‘n Roll si eiga heimeside og la deg freiste av alt det fantastiske dei har å by på!

7 kommentarer:

  1. Hej Tove.
    Så mye inspirasjon man må få når man ser slike flinke kokker i full fart.
    Ska ta en tur inom matbloggen din å se.
    Ha ei fin söndag nå.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Vegetarmat er jo også knallgodt! Og mye mer bærekraftig. Flott innlegg!

    SvarSlett
  3. Så spennande!
    Kjekt du vil dele med oss :-)

    SvarSlett
  4. Ein av kokkane på bildet er tidlegare elev av meg! No er det vel han som kan undervise meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må vel kanskje vere Ole, det då, Solveig???

      Slett
    2. Ja, det stemmer Ole K. Eg har hatt gleda av å smake det han lagar mange gonger.

      Slett
  5. Så flott inspirasjon!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!