søndag 27. november 2011

Dryssa stjerner…♥

snø

Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.

Når ein heilt vanleg gråversdag har stjerner over seg.

Når nokon har sett at vi er til.

Kanskje var det berre i forbifarten. I travelheten.

Ein uventa smil, ein open varme.

Kanskje var det ein omfamnelse,

kanskje var det eit sekunds stogg.

Nokon som hugsa noko godt, og takka.

Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst.

Vi kjende oss famna inn, kjende oss overdryssa av varme.

Våga sleppa gleda eit ørlite steg lenger fram.

Våga sjølv dryssa stjerner, dela ut varme, gje smil, røra ved...

Måtte vi nøra elden i kvarandre!

Bente Bratlund

snø1

Det er fyrste søndag i advent i dag. Du kan drysse stjerner over nokon, glede nokon, røre ved nokon. Gjer dagen fin for nokon.

Gjer adventstida fin for fleire enn deg og dine ♥

Bileta er lånte her og her.

6 kommentarer:

  1. så fint, Tove ♥

    eg skal gjera det i dag! Glad i bloggen din - du sprer mykje hjertevarme og livsvisdom!

    klem Lina

    SvarSlett
  2. God adventstid Tove:) Klem

    SvarSlett
  3. Vakre ord! Skaper stemning! Sitter her og venter på mann som står fast med toget på Finse. Da er det kjekt å ha koselige blogger å lese!
    Ønsker deg en fin 1. søndag i advent!
    Klem:)

    SvarSlett
  4. Bente Bratlund har vare, vakre dikt som talar til meg :)

    Vakkert innlegg :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!