søndag 21. august 2011

…å spegla ein himmel av…

“Mamma, ser du at himmelen speglar seg i såpeboblene mine?”. Frøken midtimellom bles store såpebobler og undrar seg over kor fint alt speglar seg i dei glinsande boblene.

IMG_1772

På biletet over har kameralinsa klart å fange bobla som speglar fjøsen vår. Sekundet etter sprakk den. Slik er det med mykje her i livet. Sommaren har òg vore litt slik i år. Fint vèr den eine dagen og regn dei fire neste. Eller regn heile dagen, for så å få nydeleg solskin til kvelden.

IMG_1805 copy

Livet er på mange måtar ei såpeboble. Så utruleg vakkert, men samstundes så skjørt. Uforståeleg vakkert og fantastisk. Men så trist og sårbart når bobla sprekk. Eg har fått mange påminningar i sommar om at det er slik livet er. Tankane mine går til alle som har opplevd vonde hendingar i sommar. Til alle dei som har mista nokon. Til alle som har kjempa ein livskamp. Til alle som har vore midt i såpebobledraumen, for så å oppleve den ufattelege sorga når bobla sprekk.

IMG_1825 copy

Eg har lært mykje i sommar. Mest av alt at vi må nyte alle dei små stundene og augneblinka. At vi må vere opptekne av det positive, det som gir livet innhald og verdi, og snu ryggen mot alt som er negativt og som tappar oss for krefter.

IMG_1836

Kvardagen min er som regel fullpakka. Akkurat som med småbarnsforeldre flest. Målet mitt i år er likevel å skrelle vekk alle gjeremål som eg absolutt ikkje må vere med på. Prioritere tida mi på det som er viktigast; familien og alle eg er glad i og som gir livet mitt innhald. Eg trur òg det er viktig å kjenne at det å gjere ingenting er viktig. La ungane få kjenne på at det faktisk er OK å gjere ingenting. At ein ikkje må jage etter aktivitetar eller gjeremål heile tida. At vi faktisk kan kjede oss litt og berre vere stille.

IMG_1838

I dag vart det regn og kaldt. Vi klarer likevel å kose oss. Minste frøken snupp bygg Lego og ser film. Vi andre går omkring og gjer minst mogleg. Akkurat slik ein augustsøndag kan vere.

IMG_1721

Desse rosene frå onkelhagen har stått fine kjempelenge. Dei luktar framleis sommar og minner oss om at det framleis er litt sommar att. Sjølv om det snart er september. Sjølv om kveldane er mørke og hausten bankar på døra. Vi tek vare på sommarminna og varmar oss på dei!

Eg avsluttar blogginnlegget med teksten til salmen “Å leva det er å elska”, skriven av Anders Vassbotn frå Volda i 1893.

Å leva det er å elska
det beste di sjel fekk nå,
å leva det er i arbeid
mot rikare mål å trå.


Å leva det er i livet
å finna det største verd,
å leva det er å vinna
til sanning i all si ferd.


Å leva det er å leggja
all urett og lygn i grav,
å leva det er som havet
å spegla ein himmel av.

IMG_1774 copy

6 kommentarer:

  1. :) Koselig innlegg og fin salme, vi brukte den i bryllaupet vårt;)

    SvarSlett
  2. Fint innlegg - viktig å stoppe opp av og til og tenkje på kva som er viktigast.
    Klem

    SvarSlett
  3. Så einig, så einig. Eg kjenner på akkurat det samme, spesielt på ein sundag utan planar...Men så viktig å berre vera heime og kose oss òg!

    I dag vart det bollebakst og masse puzzlespel her...

    Ha ein fin kommande veke!

    SvarSlett
  4. Nydelig innlegg. Søt datter du har :) Ja det er viktig å ta vare på de gode øyeblikkene og nyte hver dag.
    Ha en fin kveld
    Klem,
    Trude :)

    SvarSlett
  5. Jeg får alltid en god følelse i kroppen når jeg leser bloggen din.

    SvarSlett
  6. Eg har virkelig noko å lære av deg. Så reflektert, tilfreds og takksam for små augneblink.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!