fredag 5. august 2011

{ s t a y c a t i o n – del 2 }

“Om eg hadde visst kor fort livet gjekk, så skulle eg ha brukt meir tid til å leve i kvardagane og sett at det var der livet eigentleg var”.

IMG_1572 copy

Årets staycation har gitt rom for å kjenne på akkurat dette. Å leve i kvardagane. Ikkje bry seg om at “alle andre er på ferie” eller tru at alle andre har hatt det så mykje kjekkaren enn oss.

IMG_1577 copy

Det har vore godt å la humle suse og kjenne at vi ikkje har hatt noko å stresse for. Ungane har kosa seg i lag med syskenbarna og sprunge gard-i-mellom, vi har gått turar på kjende stiar og oppdaga mange nye. Eg har vorte tante igjen og det er herleg å sjå kor den vesle tulla i nabohuset berikar kvardagen til alle rundt seg!

IMG_1582 copy

Då papsen endeleg kunne ta seg to fridagar stakk vi av ein liten tur til lånt campingvogn på Dønfoss. Der kosa vi oss med skikkeleg sommarvarme i tre dagar! Vi var sjølvsagt til Lom for å handle med Schakenda og frøken snupp var særs nøgd med å ha fått helse på sin store bakehelt! 4-åringen takla å stå i kø i ein halvtime utan det minste problem – ho ofra ALT for å få sjå Schakenda!

IMG_1587 copy

Sjølv om det var deilig med innland, høgfjell og brusande elvar, så er det alltid godt å kome heim til fjøresteinar og saltvatn. Å plukke blåskjell og putte i fine Norges-glas (eller andre glas) er eit godt pyntetips til uterommet, forresten.

IMG_1571 copy

Ho mor sjølv har hatt tid til å blogge litt og svippe innom favorittbloggar i inn og utland – utan å ha dårleg samvit for at eg ikkje har gjort meir vettuge ting…

IMG_1599 copy

…vi har vore på hyppige besøk med naboane…

IMG_1601

…og frøken midtimellom har sikkert sykla fleire mil på gardsvegen!

IMG_1595 copy

Når eg ser tilbake så har det ikkje vore så verst å vere heime i sommar. Eg trivast eigentleg veldig godt i mitt vesle hjørne av verda. Der har eg alt eg er glad i og alle eg er glad i!

Håper ferien din har vore god, anten du har vore heime eller på tur!

God helg til alle!

 

4 kommentarer:

  1. Nydlige biler Tove og slik du bur til må det jo vere fantastisk å vere heime. Men vi har alle godt av å kome oss ut av våre kvardagslege traltar og då er det så veldig godt å kome heimatt.

    God helg til deg

    SvarSlett
  2. Bortsett frå all skodda så bur dokke på ein utruleg vakker plass. Det er så idyllisk der. Fint at du har hatt ein fin sommar sjølv om været ikkje har vore på sitt beste. Det er viktig å nye augneblinken og ikkje sitte å vente på at noko skal skje.

    SvarSlett
  3. Haha, staycation er så bra uttrykk! :) Det har vi også hatt i sommer og jeg har tenkt på det ordet flere ganger, høres liksom litt mer fancy ut å "bare" være hjemme da ;) Ufrivillig hjemmeferie for vår del, pga to øyeoperasjoner jeg plutselig måtte ha. Men som du sier, dette er også livet! God helg til deg og dine :)

    SvarSlett
  4. Du skriv så vakkert og bileta er så fine :-) Viktig å ta vare på dei gode stundene.
    - God helg klem -

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!