tirsdag 9. august 2011

…om englevakt og litt til…♥

Dette vert eit innlegg litt utanom det vanlege. Eg ser tilbake, eg reflekterer, eg minnast, eg sørgjer og eg undrast. Det handlar om englar og englevakt. Det handlar om liv og død. Sånn – no er du advart.

Eg sat i sofaen med ein 19 dagar gamal gut i hendene. Det var seint på kveld og eg gjorde meg klar til å gi han mat for siste gong før vi la oss. Han var så varm og så god. Så liten og vever, men likevel størst av alt. Brått var det ekstra nyheitssending på TV. Det var 26. november 1999 og Sleipner, ein hurtigbåt full av passasjerar, grunnstøtte ved Ryvarden fyr i Sveio kommune. Vi vart sitjande å følge med. Dødstala steig og eg heldt den vesle bylten så godt eg berre kunne. Nokon hadde mista sine næraste og kjæraste. Andre jubla av lukke etterkvart som overlevande kom i tryggleik.

Eg kan hugse at eg gret. Så mange som fekk liva sine endevende. Så mange som aldri meir skulle få heim sine kjære. 16 omkom. 69 vart redda.

Englevakt1

(biletet er lånt her)

Ein roleg kveld, litt meir enn ein månad seinare, sat eg i same sofaen. Var lukkeleg og glad for at vi hadde hatt ei fantastisk jul- og nyttårsfeiring i lag med alle familien. Også denne kvelden hadde eg guten vår i armane. Eg kan hugse at det snødde ute og at vi hadde stearinlys på bordet. Veslegut hadde akkurat fått mat og var klar til å legge seg i vogga. Så kom det ei ekstra nyheitssending. Eg hugsar flammar, nyheitsopplesarar som snakka om mange døde og reportarar som med skrekkfulle andlet fortalde om det grusomme som hadde skjedd. Eit tog frå Trondheim hadde kollidert med eit lokaltog frå Hamar. Åsta-ulukka kalla dei det. Vi sat klistra til skjermen og trudde knapt det vi såg. Alle som vart intervjua snakka om kor uverkeleg det var. Kor redde dei hadde vore. At dei såg folk sitt fast i vrakrestane av toget. 19 omkom. 67 overlevde.

Det var så kort tid mellom dei to ulukkene. Det var tema i alle media. Det gjekk inn på oss alle. Eg hugsar det så godt. Kanskje fordi eg var nybakt mamma og audmjuk over å få lov til å vere beskyttar av eit lite liv. Kanskjer fordi eg året før opplevde å miste eit barn. Ein fullboren, liten gut fekk aldri kjenne livet. Eg fekk oppleve lukka av å bære fram eit liv, men ikkje gleda av å sjå det vekse opp. Kjenslene mine låg tjukt utanpå. Hjartet mitt gret for alle som hadde mista sine, samstundes som eg skulle sjonglere alt som skjedde i mitt eige liv; å miste eit barn og få eit nytt berre eit år etterpå.

Englevakt2

(biletet er lånt her)

Eg tenkte mykje på kor urettferdig livet kunne vere. At vi som menneske ikkje kunne kontrollere alt. At vi ikkje kunne verne våre kjære mot alt. Utan at vi kunne gjere noko til eller frå, kunne livet brått ta ein ny sving. Det kunne gå bra eller det kunne gå gale. Og vi hadde ingen ting vi skulle ha sagt.

Så las eg i eit blad om ei mor som hadde mista sonen sin i Åsta-ulukka. Ho snakka om englevakt. Vi har alle lese overskrifter som fortel om menneske som har overlevd dramatiske ulukker og sagt at dei hadde englevakt. Vi har sett bilete av bilvrak, brannruinar og hardt skadde menneske som seier at dei må ha hatt englevakt som overlevde ulukka. Mora som hadde mista sonen sin hadde gripe tak i alt dette med “englevakt”. Ho hadde sett seg lei aviser som viste overlevande frå desse to ulukkene som stod fram og sa at dei ikkje hadde overlevd om dei ikkje hadde englevakt. “Hadde ikkje guten min englevakt?”, spurte mor til denne guten. “Var ikkje livet hans like mykje verd som alle andre sitt? Fekk ikkje han overleve fordi han ikkje hadde gjort seg fortent til englevakt?”

Alt dette fekk meg til å tenkje. Eg hadde mista eit lite, uskuldig barn. Hadde ikkje han heller englevakt då livet gjekk i frå han? Er det slik at nokre har englevakt, medan andre må klare seg utan? Kven er det som eventuelt bestemmer kven som skal få vaktande englar og ikkje?

Tilbake til denne sterke mora som hadde mot til å stå fram i bladet. Ho var ikkje bitter eller sint. Ho var berre full av sorg over å ha mista eit barn. Full av spørsmål som ho aldri fekk svar på. Men likevel sikker på at sonen hennar ikkje var mindre verd enn dei som overlevde ulukka. Han hadde òg ein engel som vakta over han. Ho meinte det var feil å bruke ordet englevakt når ein hadde overlevd ei ulukke der andre ikkje var så heldige. Pårørande til dei som mista livet kunne kanskje ta det ille opp og tenkje at deira barn, forelder eller ven ikkje hadde med seg ein engel då ulukka skjedde. Berre ein som sjølv sørgjer kan forstå kor viktig det er å ha ei kjensle av at “nokon” var der i lag med den forulukka då livet sakte, men sikkert ebba ut. At dei ikkje var åleine. At englane var der sjølv om livet ikkje stod til å redde. Berre ein som har mista nokon veit at tanken på at ein engel var der og passa på, kan gjere sorga lettare å bære. Kan gjere det lettare å akseptere at det ikkje er alt som let seg forklare og at ein heile livet må leve utan å få svar på alle spørsmål. Livet har lært meg dette.

Englevakt3

(biletet er lånt her)

Nokon kallar det flaks. Andre kallar det føleri, humbug eller flukt frå verkelegheita. Og nokre kallar det englevakt. Uansett kva ein kallar det, så må kvar og ein få lov til å tru på det som gjer sorga lettare å bære. Eg likar å tru på englar. Eg har hatt behov for det, for eg har fått merke at livet ikkje berre har gode dagar.

Ei ny ulukke lamma det norske folk. Eit nytt, lite barn låg i armane mine. Denne gongen eit lite tantegull, berre tre dagar gammal. Aldri har kontrasten mellom liv og død vore større. Nok ein gong vart vi sjokkerte vitne til at dødstala steig og at antal skadde var meir enn ein kunne telje og ha kontroll på. 77 døde. Ei av dei frå mi kommune. Eg veit ikkje kor mange skadde. Eg trur alle dei omkomne hadde englevakt. Nokon passa på dei då galskapen slo til. Dei var ikkje åleine. Hjartet mitt blør for alle dei pårørande som sit att i sakn og djup sorg. Ord kan ikkje uttrykkje kor sterkt vi føler med dei.

utøya

(foto: NRK.no)

Mi djupaste medkjensle i sorga til alle som har mista ein av sine nære og kjære.

Tekst, utøya

Dette vart ein lang tekst om liv og død. Om englevakt. Eg har vore privat og ærleg, skrive om noko som aldri har vore eit tema på bloggen min før. Av og til kjem kjensler som bølger. Noko eller nokon set det heile i gong. Denne gongen var det ei grusom tragedie som ramma eit heilt folk. Eg fekk den same kvalmande kjensla som eg hugsar så godt frå då livet mitt vart fylt av sorg over tapet av eit lite barn. Dei er rare slik, kjenslene. Vi har ikkje kontroll på dei heller. Veit ikkje kva dei gjer med oss eller kva dei lokkar fram.

Kanskje klarte du ikkje å lese innlegget fordi tankane og kjenslene kom hulter til bulter. Kanksje meiner du eg vart for privat. Men eg trengte å skrive om det. Trengte å dvele litt over ordet “englevakt”. Kanskje kunne mykje ha vore usagt og kanskje er der viktige ting eg har gløymt.

Tusen takk til dei av dykk som har lese dette med opne hjarte og som ser at det var viktig for meg å skrive desse tankane.

Sånn – då var det sagt ♥

(no må eg trykke på “publiser” før eg angrar…)

42 kommentarer:

  1. Vakkert, Tove!

    Ordene gir gjenklang langt inn i det innerste hjerterom....
    Minner vekkes og tårer triller!

    Hvert eneste øyeblikk er verdt å ta vare på! Vi vet jo ikke når de ikke kommer lenger!

    God natt skatt <3

    SvarSlett
  2. Dette var godt å lese, TAKK.

    SvarSlett
  3. Et nydelig innlegg, Tove. *klem*

    SvarSlett
  4. Det var mange tanker som ga noe å tenke på. Englevakt, og at det er en mening med alt, det er vel ikke alltid det passer.

    Det er modig av deg å dele, og på en måte gir det perspektiv å se at man kan leve videre med sorg i hjertet, og at man kan få plass til gleden også :)

    Søskenbarnet mitt mistet en av jentene sine i Åsta-ulykka. Og nå ble jeg minnet om at jeg ikke har hatt kontakt med den lille greina av familietreet siden jeg var konfirmant, og det kan jo være verdt noen tårer i seg selv.

    Å miste et barn eller en ungdom må være det vanskeligste tap.

    Varm klem til deg
    Moccamamma :)

    SvarSlett
  5. Takk for at du delte, Tove. Godt å lese.

    SvarSlett
  6. Sterkt å lese! Godt at du sette ord på alle desse tankane!

    SvarSlett
  7. Du er nydelig Tove, Takk for du delte dette med oss ,Eg veit og vil tru at englane fins ,hos alle e der en, den ligger der i det hemmelige rommet inni hjatet vårt, i tankane vår. KLem klem <3

    SvarSlett
  8. Flott skrive Tove.
    Eg trur englar eller hjelparar om du vil, er rundt oss i liv og død. Ingen går i frå livet aleine, det er eg overbevist om, heller ikkje dei som vert rivne vekk i tragiske ulukker.

    Sender varme tankar til alle dei som sit igjen etter Utøya-tragedien.

    SvarSlett
  9. Har lest dette to ganger for sikkerhetsskyld...
    Englevakt. Jo man har englevakt. Du har ei engel med deg fra stunden da blir födt. Det er det eg trur på. Engelen passer på deg og hjelper deg når tiden er der....Nettopp för at du ska slippe å gå alene.

    Det har värt noen store ulykker og tragedier her dei siste 15 åra, og det er grusomt når det skjer.
    Men man må aldrig slutte å tru at engelen din er det for deg når det skjer.
    Det er det eg trur på.

    Det var etttenkvert innlegg Tove.
    Takk for det.
    Klem fra Synnöve.

    SvarSlett
  10. Takk for at du delar med oss som likar så godt det du gir, både av det gledelege, det sørgelege og det tankefulle. Sorg og tap er like smertefullt anten ein har mista ein eller mange, unge eller gamle. Eg trur heller ikkje at vi reier aleine, men har nok brukt ordet engelvakt fleire gongar enn eg er klar over. Vil tenke meir over dette no.

    SvarSlett
  11. Tusen takk for et sterkt og vakkert innlegg!
    Du setter ord på tanker og følelser som berører oss alle i dager med store ulykker. Samtidig er de ekstra sterke for oss som selv har en tragedie i vårt liv.

    Det er nok slik at de aller fleste rammes av en stor sorg i løpet av livet. Hos meg er sorgen, som din, tapet av en velskapt fullbåren gutt i 1995.
    Jeg har ofte grublet over: "hvorfor akkurat han?", og ja, det hadde vært godt visst at han hadde sin englevakt også.

    Oi, dette ble sterkt for meg på morgenkvisten...

    Klem Lykkeliten

    SvarSlett
  12. Så fint skrevet!
    Kjenner meg igjen i det du skriver. Takk for at du delte det!
    Klem

    SvarSlett
  13. Takk! Det var utrolig fint beskrevet. :)

    SvarSlett
  14. Sterk tekst Tove! Takk for at du deler! Måten du deler både det gode og det vonde gjør bloggen din så spesiell! Jeg vet ikke hvorfor noen får leve og noen dør, men jeg er ganske sikker på at engelen er der også i døden! Kanskje enda nærere da. Jeg tenker på diktet om fotspora,kjenner du til det? Det forteller om hvordan Gud går sammen med oss gjennom livet,og hvordan han bærer oss når vi har det vanskelig! Jeg tror at de som ikke overlever får dø i noen store trygge armer! Det gir ikke svar på alle mine hvorfor,men det gir ihvertfall meg trøst. Klem til deg

    SvarSlett
  15. Flott. En gjør seg så mange tanker etter slike katastrofer. Om det er et menneske i vår nærhet som dør,eller det er mange i ei stor ulykke. Les et dikt på en blogg som handlet om at Gud plukket dei finese blomstene. Tror nok at alle har englevakt helt frem. Om det er tilbake til livet eller det er inn i døden. Takk for dine tanker rundt dette
    Ønsker deg en god dag :)

    SvarSlett
  16. takk for ord. du skriver så flott sånn at det rører helt inni meg et sted. Jeg vet vi alle har englevakt sånn e det med den saken..klem fra nord

    SvarSlett
  17. Vakkert Tove. Utrolig vakkert. Tårene renn.
    Eg trur også på englar. Uten tvil. Har sett en, en gang. skal fortelle deg om det ein gang.
    Klem og ha en fin dag
    Anna Lisa

    SvarSlett
  18. Tale Maria10/8/11 10:06

    Takk for at du var privat og ærlig, at du fortalte om denne sterke mora som først tok opp bruken av englevakt. Du fikk meg til å tenke, og jeg skal ta med meg tankene videre og bruke dem. Vi har alle englevakt, og de små barna i mors liv har nok en hel hærskare rundt seg.
    God klem fra en god venninne av Linda <3

    SvarSlett
  19. Takk Tove<3 satt med gåsehud da jeg leste dette.....tror på både engler og noe større jeg, men noen ganger treffer sorg og tragedier oss likevel hardt og brutalt.....

    SvarSlett
  20. Takk! - kva betre kan ein blogg brukast til enn ord frå hjarte til hjarte?

    SvarSlett
  21. Dette var heilt nydeleg skrive. Englane er der, det er eg heilt sikker på. Etter at vi miste fyrstebarnet vårt, fekk eg boka "Sommarlandet" av Eivind Skeie. Den boka har gjort meg heilt sikker på at englane var der då lisjepia mi måtte gi tapt.

    Tusen takk for at du setter ord på ting som ofte er litt "tabu" og "vanskleg" å snakke om.

    SvarSlett
  22. Takk for at du deler tankane dine, (og mine) om dette temaet. Eg har så ofte tenkt desse tankane sjølv. Eg trur på englevakt, men ikkje som ein reddande engel i einkvar situvasjon. Eg trur som du at me ikkje er åleine i livets tunge tak og stunder.

    Hugsar spesielt ei ulukke her i distriktet for nokre år sidan; ein gut hadde køyrt av vegen på moped og var hardt skada. Han var medviten og fekk ringt heim. Ambulansepersonalet fann han ikkje med det same og då dei fann han var han død. Eg tok denne hendinga med ein ukjent 16 år gammal gut sterk innover meg, tenkte på kor redd han hadde vore. Tenkte også på familien hans.
    Eg høyrde nemt av ein eller annan noko om at han ikkje hadde hatt englevakt. Alt i meg protesterte! Om nokon hadde englevakt så var det han, eg trur ikkje han var åleine då livet ebba ut...

    Me må ta det livet gjev oss på godt og vondt og eg kjenner at eg treng å vite at eg ikkje er åleine. Så er eg nok for mange naiv, men det gjev meining for meg sjølv om det eg opplever ikkje alltid er meiningsfullt...

    Klem :)

    SvarSlett
  23. Tone B. Landerud10/8/11 14:37

    <3 Tone

    SvarSlett
  24. Så vakkert, Tove! Eg sitt med frysningar og tårer i augene. Du er så klok, og skriv så fint. Takk for at du ville dela dette. Sterkt og flott å lesa. Klem frå Lina

    SvarSlett
  25. Takk for eit velskrive, vemodig men samstundes vakkert og ærleg innlegg! Eg har ikkje opplevd å misse eit barn, og kan difor ikkje heilt ane den hjarteknusande sorga det må vere, men eg har opplevd sorg over å misse andre som har stått meg veldig nær. Sorga over å misse eit barn må vere den tyngste børa ein kan gå med gjennom livet. Som mor, og no også mormor, må eg erkjenne at det aller største er å sjå eit barn kome til verda, få følgje det i utvikling, bli kjend med det, få vere med å forme det, sjå ungdomen bløme i det, for så å beundre det vaksne, sjølvstendige individet. Det er ikkje alltid det går slik...

    Mine tankar har også vore hos dei som no sit att med sorga over å ha missa sine kjære. Eg synest DU har formulert det så godt, så mine ord blir overflødig...Nok ein gong takk for din visdom...

    SvarSlett
  26. Alle bloggene jeg leser har jeg delt inn i kategorier. Din ligger under 'inspirasjon'.
    Takk for fint innlegg :) (og jeg er glad du trykte publiser)

    SvarSlett
  27. Takk for fine tankar som du deler så raust med oss! Eg les oftr bloggen din, sjøl om eg ikkje så ofte legg igjen kommentarar. Eg les din blogg fordi du skriv så mykje som sett igang tankar hos meg, det er inspirerande;) Kirsti

    SvarSlett
  28. Takk for fine tankar som du deler så raust med oss! Eg les oftr bloggen din, sjøl om eg ikkje så ofte legg igjen kommentarar. Eg les din blogg fordi du skriv så mykje som sett igang tankar hos meg, det er inspirerande;) Kirsti

    SvarSlett
  29. Vakkert skrevet og en liten tankevekker,ja...

    SvarSlett
  30. Jeg syns det var et vakkert innlegg Tove.

    SvarSlett
  31. Dette rørte meg langt inn i sjela.. Det er godt å få skrive, og ofte lettare enn å seie. Eg likar også å tru at vi har ein engel kring oss, som er hos oss på denne sida - og den andre sida. <3
    -Klem Ingeborg T.N.-

    SvarSlett
  32. Vakkert, vemodig..
    Og ja Tove..alle har ein engel, det er eg sikker på..
    Er ikkje alltid vi forstår..
    og kanskje det er like greit..
    Du ser av responsen at dette var eit viktig innlegg!

    Varm klem din veg ♥

    SvarSlett
  33. Ja, dette var vakkert skrevet. Mange viktige og fine tanker om liv, død og englevakt. Og jeg er enig med deg - jeg tror de som omkom i Oslo og på Utøya hadde englevakt, de og.

    SvarSlett
  34. En vakker tekst du har skrevet - er glad du turte trykke på publiser:)

    En flott blogg du har - første gang jeg er her...kom inn via Amelie sin blogg.

    SvarSlett
  35. Takk for at du deler tankene dine - du fikk meg til å både tenke og gråte litt...
    Og det er jo helt rett, man har ikke kun englevakt hvis man slipper hel fra en ulykke... Jeg tror englevakten følger oss gjennom hele livet, vi tenker bare ikke over det ♥

    Ha en fin lørdag,
    klem
    - ta en titt i bloggen min :) du har vunnet!

    SvarSlett
  36. Hvor er det smukt skrevet. Jeg sidder her med en stor klump i halsen og tårer i øjnene.

    SvarSlett
  37. Det er underlig godt å dele historier, kjensler og litt av seg sjølv i desse tider.

    Takk for dine gode og sterke ord.


    Klem...

    SvarSlett
  38. Hei! Dette var sterkt å lese. Så utrolig sanne ord! Min kjære pappa måtte gi tapt for 6 år siden og jeg tenker stadig på hvordan det føltes for ham.....om det går ann å si. Hvordan det var for ham å kanskje kjenne at han døde, døde fra sin 16 år gamle datter og livet han var så glad i. Å tenke på at noe/noen var med ham hjelper litt. Jeg satt der selv og holdt ham i hånden da hjertet slo sine siste slag. Men etter der velger jeg å tro på at mennesker min pappa var glad i (som er døde) stod klare med sin hånd for å ta ham imot. De ble hans engler. Og pappa er min engel<3
    Det finnes ingen mening med at våre nære og kjære blir revet bort, men likevel skjer det støtt og stadig. Trøsten er tanken på at de nå har det godt og kan titte ned på oss å hjelpe til med å passe på oss <3 Det velger hvertfall jeg å tro på :) Jeg var skikkelig pappajente, og selv om min pappa ikke fikk leve lenger, har han likevel et stort ansvar for jenta si, så han får jammen meg passe på meg selv om han ikke er fysisk tilstede <3

    SvarSlett
  39. Det er godt å dele, og eg berømme deg for at du trykte på "publiser".

    Som du skriv; "dei er rare slik, kjenslene". Og det er dei! Det er vanskeleg å vite korleis ein skal bere og ordlegge seg. Ingenting er feil her, og ditt innlegg sjølv om det er utanom den "vanlege" bloggTove er så godt å lese. Så ærleg og ektefølt, og viktig å få ut for deg.

    Det er mange bloggarar som har slitt med å finne orda etter 22.juli. Og det vise kor mykje ei slik forferdelig hendig rammar oss alle. Når vi ikkje eingong får til å uttrykke oss om det som har skjedd.

    Ei oppfordring til bloggarane må nesten vere å ikkje teie stille, skrive om det som kanskje sit langt inne, dele raust av godleik med den virtuelle verda.
    Kanskje det kan gje trøst til nokon der ute i den store verdsveven?!

    SvarSlett
  40. Tusen takk for sterke, gode tanker som du deler med oss. Første gang jeg leser bloggen din, må si at jeg fikk en god og tankevekkende start på dagen. Jeg enig med deg, alle har englevakt - hele tiden også i hverdagen. Av og til tar englene med seg våre kjære familiemedlemmer over til den andre siden. Egentlig en god tanke, at de som forlater denne verdenen har "ei hand å holde i"

    Ønsker deg en herlig dag, og fortsett å dele slike viktige tanker med andre.

    Hilsen Anne-Grethe Opdahl, som vil følge bloggen din videre.

    SvarSlett
  41. Alt det du skriver om her er noe jeg kan relatere meg til. Og ja, jeg tror på engler!

    Klem, Turid

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!